Job Description

Published 12-12-2024
Deadline: 26-12-2024

 

Ledig stilling på helg for sjukepleiar-student

Kirurgisk Post 4 har ledig vikariat i helgestilling for sjukepleiarstudentar. Vikariata er ledig frå snarast og i inntil 1 år med mogleg forlenging.

Kirurgisk post 4 er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar.

Som sjukepleiarstudent i helgestilling må du pårekne å jobbe på begge fagfelta etter behov.

Vi har primærsjukepleie, samt ein teamleiar på kvar gruppe i vekedagar som har ansvar for legevisitt, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi også ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagt i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker.

Vanlege diagnosar og behandlingar vi utfører er;

Plastikk:
–  Handskadar av ulike slag (sirkelsag, klemskade etc) blir operert og behandla med daglege sårskift og antibiotika
–  Malignt melanom; utredning og behandling. Sentinel node biopsy, axille – og bekkenglandeltoilette, utvida eksisjon av hudkreft
–  Brystkirurgi; rekonstruksjon av bryst etter brystkreft med DIEP-lapp eller protese
–  Diverse sårdefektar som krev kirurgisk dekning med til dømes muskellapp eller hudtransplantat
–  Brannskadar; nye skadar som ikkje krev intensivbehandling. Også sekvelekirurgi

Kar:
–  Trange blodårer i underekstremitetar; angiografi, kirurgisk fjerning av plakk i arteriar, bypassoperasjonar, amputasjonar
–  Aneurismer; abdominalt aorta aneurisme, arteria poplitea aneurisme. Opereres opent eller endovaskulært.
–  Carotis stenosar
–  Sår som skuldast dårleg blodsirkulasjon
–  AV-fistlar hos dialysekrevande pasientar

Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jamlege sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg. Det er ønskeleg med snarleg oppstart dersom mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsoppgåver er pre- og postoperativ sjukepleie til pasientar
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Påbyrja studie innan sjukepleie/helsefagarbeidar – fullført sjukehuspraksis
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant erfaring innanfor karkirurgi og/eller plastikkirurgi er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Siri Erstad, Seksjonsleiar, 91752555

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4895608184
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 26.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/Nasjonalt brannskadesenter/ Post 4 Plastikk- og karkirurgi, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 26-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8f998375-0b6d-4af6-99ef-b79195a8e254
IMPORTAPI