Open job position – Lærdal kommune Sogn LMS og helse

Health and social care LPN (nurse)

(2 days ago)

  • LÆRDAL
  •  Post Date: 30. September 2024
  •  Expire date: 23. October 2024
Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 23-10-2024

 

Ledig stilling

Då er dette stillinga for deg!

Me har ledig 100 % fast stilling frå snarast.

Lærdal kommune har motteke prosjektmidlar frå Statsforvaltaren og skal etablere psykisk helseteneste for barn og unge. Me søkjer derfor deg som kan vere med å utforme tilbodet framover.

Målgruppa for tilbodet er ungdom og unge vaksne. Kva konkrete arbeidsoppgåver som skal ligge til stillinga er endå ikkje fastsett. Dersom du får jobben så får du i stor grad vere med å utforme stillinga etter kommunen sine behov og etter aktuelle føringar. Det er derfor ein fordel om du er fleksibel og tilpassingsdyktig.

Psykisk helseteneste for barn og unge vert organisert under avdeling for helsestasjons- og skulehelsetenesta i lag med svangerskapsomsorga. Avdelinga ligg under sektor for oppvekst og har felles kommunalsjef med mellom anna skulane og barnehagane i kommunen. Stillinga vil ha ein sentral funksjon i arbeidet med målgruppa og samarbeide med andre tenester for barn og unge, i tillegg til vaksentenestene.

Me er ei lita avdeling, men likevel opptekne av å ha felles møtepunkt, fagleg støtte og utvikling i jobben.

Lærdal kommune er oppteken av tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid og er ei BTI (betre tverrfagleg innsats) kommune. Arbeid etter BTI modellen er sentralt i alle tenester som jobbar med barn, unge eller føresette. Du kan lese meir om BTI modellen på www.tettpålærdal.no

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vert definert ut i frå personleg kompetanse, interesse og innanfor gitte råmer.

Me kan tilby:

  • Arbeidskvardag med mykje variasjon
  • Fleksibel arbeidstid – fleksitidsløysing
  • Moglegheit for heimekontor med inntil ein dag i veka dersom det passar drifta
  • Eit godt arbeidsmiljø der me legg til rette for personleg utvikling
  • Moglegheit for kompetanseheving
  • Offentleg tenestepensjonsordning
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum 3 årig høgare utdaning innanfor helse- og sosialfag – til dømes: Sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, miljøarbeid, psykisk helse og rusarbeid med meir

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Sogn LMS og helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9f8534a4-06b6-43e6-8332-839bc7347dea
IMPORTAPI