Job Description
Published 14-01-2025
Deadline: 05-02-2025
Ledig stilling
Lærdal kommune skal etablere kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me fleire sjukepleiarar.
KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatte innlegging i sjukehus. KAD skal etablerast ved institusjonen Lærdal bu og omsorgsheim, frå mai 2025.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med mogelegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.
Du vil arbeide i team, saman med sjukepleiarar/vernepleiarar, der stillinga er kombinert med vakter i institusjon eller heimebasert omsorg. Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekke forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rette tiltak.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- God observasjonskompetanse
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Teknisk god på sjukepleiarprosedyrar
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
- God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeide med andre
- God på skriftleg og munnleg dokumentasjon
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikle seg vidare
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsettjing i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev vi?
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Førerkort klasse B – godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode mogelegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids SFO for 1 klassinger, gratis deltids SFO til 3 klasse.
- Gratis kommunale bustadtomter, rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av fritidsmogelegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots
- Eit rikt organisasjon og kulturliv, med mange små og mellomstore arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakfisk-VM, motbakke og terrengløp.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO