Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Ledig stilling
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Lærdal kommune søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar i 100% fast stilling
Pleie og omsorg er i ein stadig utvikling der me jobber med oppgavefordeling via TØRN.
Pleie og omsorg skal starte med årsturnus der langvakter på helg er mogelege, difor søkjer me da etter fleire dyktige helsefagarbeidarar
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistre sin sjukdom/ helseplage i størst mogleg grad.
Du vil jobbe samen i team med anna helsefagleg personell, og ha ansvar for å utøve forsvarleg hjelp, pleie og omsorg.
Som helsefagarbeider/hjelpepleier vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring,medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral
- Ynskjer fagleg og personleg utvikling
- Trivest i eldreomsorga
- Fleksibel og god på samhandling – finn den beste løysninga
- Serviceinnstilt og positiv
- Handlingsorientert og ansvarsbevisst
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
- Fleire stillingar knytt til helg/ tilkalling (studentar på helsefag vert oppfordra til å søkje)
Hjå oss får du:
- Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
- Fagleg utvikling gjennom kurs og rettleiing
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
- Moglegheit for vidareutdanning med økonomisk støtte
- Kompensasjon som rettleiar for lærlingar
- Støttande leiing
- Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring
Kva kvalifikasjonar me krev:
- Autorisasjon som helsefagarbeider eller hjelpepleier
- Gode ferdigheter innan IKT
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 for søkjarar utanfor Skandinavia
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
Lønnsvilkår
- Lønn etter tariff
- 2 % pensjonsinnbetaling KLP
Om arbeidsgjevaren:
Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.
Kvalitet i tenestene vert skapte gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar, 4 korttid og 18 langtids plassar.
I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove.
Heimebasert omsorg yter tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakaranevåre rundt om i bygda. Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO