Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Ledig stilling i Etne kommune

Etne kommune har ledig 100 % fast avdelingsleiarstilling i miljøarbeidstenesta. Me søkjer deg som vil vera med å bidra til kvalitet og utvikling av tenestene til innbyggjarane våre. Miljøarbeidstenesta yt tilrettelagde tenester etter helse- og omsorgstenestelova, som mellom anna avlasting, støttekontakt og miljøarbeid for heimebuande og bebuarar i heildøgnsbemanna bufellesskap.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og dagleg drift
  • Personalleiing, inkludert oppfølging av arbeidsmiljø, HMS og fagleg utvikling
  • Budsjett og økonomioppfølging
  • Turnus
  • Utvikle tenesta i tråd med eininga sin plan og sentrale og nasjonale føringar
  • Sikre kvalitet, brukarmedverknad og fagleg utvikling i tenestetilbodet
  • Tilrettelegging for god kommunikasjon med pårørande, brukarar og tilsette
  • Samarbeid med andre einingar og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tenester

Kvalifikasjonar

  • Krav om bachelor vernepleiar eller sjukepleiar
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ønskeleg
  • Erfaring frå liknande tenester, turnusarbeid samt legemiddelhandtering er ønskeleg
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og gjeldande regelverk innan helse- og omsorgssenter er ønskeleg
  • Generell god digitalkompetanse er ønskeleg

Eigenskapar

  • Du er engasjert, positiv og løysningsorientert
  • Evne til å arbeide strukturert, målretta og med høg grad av sjølvstende
  • Du har gode relasjonsferdigheiter med evne til å motivere og engasjere medarbeidarar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Strukturert, resultat- og kvalitetsorientert
  • Evne til å utvikle ved å balansere gode tenester opp mot ressursane som me til ei kvar tid forvaltar
  • Evne til å handtere uventa situasjonar
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast

Me tilbyr

  • Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i ein spennande sektor
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Etne kommune Miljøarbeidstenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.

TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted ETNE (Adresse: Gjerdsrabbane 25 Postnr: 5590)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05c771f5-267b-480b-9b64-c65fdf94fd7c
IMPORTAPI