Ledig pedagog/lærar ved Erfjord skule – mellombels stilling – Suldal kommune Erfjord skule
Education Primary School(18 hours ago)
Job Description
Published 11-12-2024
Deadline: 27-12-2025
Ledig pedagog/lærar ved Erfjord skule – mellombels stilling
Det er ledig inntil 200% stilling som vikar for lærar ved Erfjord skule frå 01.01.25 til 31.07.25
Om stillinga:
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule eller anna relevant høgskuleutdanning.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
- Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse.
- Ha god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning.
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta.
- ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
I Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO