Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 24-01-2025

 

Ledig 80-100% stilling som KYRKJEVERJE

Stillinga som kyrkjeverje er ei variert, spennande og utfordrande ledarstilling innan Den norske kyrkja i Vågå. Som kyrkjeverge vil du ha ansvar for det daglege arbeidet i Vågåkyrkja samt rapportere til Vågå kyrkjelege råd/sokneråd som er kyrkja sitt øvste organ i kommunen. Dei andre tilsette på kyrkjekontoret er sekretær, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjetenar/ kyrkjegardsarbeidar. Soknepresten har kontor der og er med i staben, men har prosten som sin arbeidsgjevar.

Arbeidsoppgåver

· Vera dagleg leiar for rådet si verksemd i samsvar med vedtekne planar, budsjett, gjeldande lover og forskrifter.

· Personalansvar. Leie og motivere dei tilsette.

· Utvikle og leie den kyrkjelege aktiviteten i Vågå i samarbeid med tilsette og frivillige.

· Ansvar for gravplassforvaltninga.

· Overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden.

· Være saksbehandlar og sekretær for fellesrådet.

· Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søkje anna finansiering der det er mogleg.

· Leie strategi- og utviklingsarbeidet for fellesrådet.

· Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med kyrkjelyden.

· Representere verksemda utad mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, administrasjonen i kommunen, media og andre.

· Sikre at verksemda vert drifta i samsvar med lov-og avtaleverk.

· Kontakt med og rapportering til offentlege styresmakter.

Kvalifikasjonar

• Høgare økonomisk/administrativ utdanning er ein fordel, men særskilt relevant praksis kan kompensere for manglende utdanning.

• Erfaring fra møteleiing, forhandlingar og/eller anna utadretta verksemd.

• God kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering.

• Engasjement for kyrkjas visjon og målsetjingar.

• Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy.

Personlege eigenskapar

• Være trygg i rolla som leiar og ha god evne til å ta riktige beslutningar, prioritere, organisere og korrigere når det er nødvendig.

• Evne til å oppnå tillit og gode relasjonar internt og eksternt.

• Gode kommunikasjonsevner både muntleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.

• Strukturert og ryddig.

• Kunne arbeide godt sjølvstendig- og i team med tilsette og frivillige.

• At du er personleg skikka og motivert for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

• Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige og varierte oppgåver.

• Løn etter avtale.

• Pensjonsordning gjennom KLP.

• Gode digitale verktøy som gjev god fleksibilitet i ein hektisk arbeidskvardag.

• Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og landsnivå.

• Tilbud om kurs innan aktuelle fagområder.

Om stillinga elles

Du må pårekne noko jobb og møteverksemd på helg, helligdag og kveldstid.

Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette. Vi har ljose og trivelege kontor på kommunehuset i Vågå, rett ved Vågåkyrkja

Før tilsetjing skal det leggjast fram politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Løn og arbeidsvilkår i hht. gjeldande regulativ og KA si tariffavtale forkyrkjeleg tilsette. For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Nærare opplysningar kan rettast til fellesrådsleiar Erik Lillebråten tlf. 909 71 257.

Søknad med attester og vitnemål sendes til: Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 VÅGÅ eller post.vaga@kyrkja.no.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Sokn orgnr: 977005485
Kort om arbeidsgiver

Vågå kommune har vel 3600 innbyggarar der 85% er medlemar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedømme.

Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioden 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd omkring 1625-1627. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken. Dagens kyrkje vart gjenoppbygd av materialar frå fleire nedrevne stavkyrkjer frå Vågå.

Vågåkyrkja har plass til 250 personar, og er omkransa av den vakre kyrkjegarden vår.

Webside https://www.vagakyrkja.com
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted VÅGÅ (Adresse: Edvard Stormsveg 2 Postnr: 2680)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 24-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2e04f6ff-59de-481b-aed3-c5dd13b49b52
Stillingsregistrering