Ledig 100% fast stilling som miljøterapeut / familierettleiar ved Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark – Barnevernssamarbeidet I Vest- Telemark
Helse og sosial Miljøarbeidere(2 weeks ago)
Job Description
Published 01-04-2025
Deadline: 21-04-2025
Ledig 100% fast stilling som miljøterapeut / familierettleiar ved Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark
Ønsker du å hjelpe barn og familiar til ein betre kvardag?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer etter engasjert miljøterapeut /familierettleiar som ønskjer å bidra til positiv endring i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, som legg stor vekt på samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø der fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling står sentralt.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant tilleggsutdanning.
-
Anna relevant utdanning kan vurderast.
-
Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar er ein fordel.
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
-
Evne til å bruke digitale verktøy effektivt.
-
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
-
Har gode relasjonsferdigheiter og evne til å bygge tillit.
-
Er trygg, raus og robust.
-
Jobbar sjølvstendig, men trivst med samarbeid.
-
Er strukturert og målretta i arbeidskvardagen.
-
Evnar å stå i krevjande situasjonar over tid.
-
Har engasjement for å hjelpe barn og familiar til eit betre liv.
-
Er fleksibel og løysingsorientert.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
-
Miljøterapeutisk arbeid i familiar.
-
Leie og støtte endringsprosessar i familiar.
-
Samarbeid med familiens nettverk og andre hjelpetenester.
-
Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling.
-
Dokumentasjon i tråd med lovverk og faglege retningsliner.
Vi tilbyr
-
Ei meiningsfull stilling der du kan utgjere ein forskjell.
-
Eit fagmiljø med høg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter.
-
Opplæring og rettleiing.
-
Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.
-
Regelmessig oppfølging av teamleiar.
-
Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog.
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månader).
Løn og vilkår
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Barnevernssamarbeidet I Vest- Telemark orgnr: 982991986 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vi har ledige stillingar som miljøterapeut/familierettleiar Vi søkjer ein dyktige fagperson til 100 % faste stilling. Stillinga inneberer kveldsarbeid om lag ein ettermiddag/kveld per veke, og noko helgearbeid kan førekomme. Om oss Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som dekker kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret er lokalisert der i moderne og tilrettelagde lokale. Vi har òg kontorplassar i dei andre kommunane. |
Webside | https://www.kviteseid.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | KVITESEID (Adresse: KVITESEIDGATA 13 Postnr: 3850) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |