Landro skule – Øygarden kommune Landro skule

Health and social care Doctor

(14 hours ago)

  • ÅGOTNES
  •  Post Date: 27. October 2024
  •  Expire date: 11. November 2024
Job Description

Published 27-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Landro skule

Kunne du tenkje deg ein variert og spennande arbeidskvardag i møte med barn og unge?

Då er du kanskje vår nye og dyktige miljørettleiar

 

Først litt om oss:

Landro skule ligg på Sotra, i Øygarden kommune, om lag 30 minutt køyring frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Turøy, Misje, Solsvik, Vindenes, Landro og Angeltveit. Skulen er ein barneskule med om lag 260 elevar fordelt på 14 klassar.

Vi har fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø med høg grad av trivsel, både for elevar og tilsette. Vi er opptekne av laget rundt eleven, og alle tilsette jobbar som del av eit team.

Våre nye miljørettleiarar vil ha varierte og spennande arbeidsoppgåver, både i skuletid og i skulefritidsordninga. Er du ein av våre nye miljørettleiarar, så er du ein lagspelar som likar varierte oppgåver og utfordringar. Du er god på å byggje relasjonar, er positiv og engasjert. Du vil vera ein god og viktig ressurs i skulemiljøet vårt, både for elevar og tilsette.

Den eine stillinga er mest knytt opp mot våre yngste elevar, og eit forsterka tilbod til dei elevane som treng ekstra støtte og tilrettelegging i kvardagen. Den andre stillinga har litt meir breidde i oppgåvene, og er knytt opp mot ulike alderstrinn.

Landro skule er framtidsretta, og har fokus på å skape ein praktisk og variert skulekvardag for elevane våre. Miljørettleiarane vil jobbe inn mot ulike alternative og praksisretta tilbod. Tilbod som har fokus på sosial trening, praktisk læring, motivasjon og meistring!

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid med elevar, knytt til ulike sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Førebyggjande systemarbeid; planlegge og gjennomføre aktivitetar med grupper av elevar, både i skuletid og på skulefritidsordninga
  • Praktisk arbeid og aktivitetar med elevar i gardstilbod, interessegrupper, coasteering, fiske- og friluftsliv
  • Vere ein trygg vaksen som bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Relevant høgskuleutdanning retta mot barn og unge (til dømes vernepleiar, sosionom, pedagog)
  • Relevant erfaring  frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og kan bruke digitale verktøy

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med ulike diagnosar som ADHD, autisme og psykisk utviklingshemming
  • Førarkort klasse B
  • Kompetanse innan TEACCH-metodikk og AART-instruktørkurs. Opplæring ved behov
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen

Personlege eigenskapar:

  • Kan tilpasse seg plan og tiltak som allereie er sett i gang og vere med på å utvikle dette vidare.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar, samt gode samarbeidsevner og kan samhandle strukturert i team
  • Visar omsorg, respekt og er ein trygg og inkluderande vaksen i møte med barn
  • Taklar utfordrande situasjonar
  • Har interesse for friluftsliv med aktivitetar året rundt (til dømes coasteering, gardstilbod)
  • Viser fleksibilitet og er oppteken av å finne løysingar

Anna:

  • Stillinga er ein del av ferietilbodet til skulefritidsordninga (eventuelt 11 % trekk i løn om ein følgjer skuleruta)

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

  • Anita Vabø, rektor

E-post: anita.vabo@oygarden.kommune.no

Mobil: 98870780 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Landro skule orgnr: 975287750
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅGOTNES (Adresse: Landrovegen 250 Postnr: 5363)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bc86feef-1273-48aa-b257-fb473219316b
IMPORTAPI