Lærlingar i IT-driftsfaget – IDI – IKT Service, Vestland fylkeskommune

Carpenters Electrician/Electronics

(2 weeks ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 6. January 2025
  •  Expire date: 28. February 2025
Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 28-02-2025

 

Lærlingar i IT-driftsfaget

Vestland fylkeskommune er ein av landet sine største lærebedrifter innan IT-driftsfaget (IT), og du vil som lærling dra nytte av eit breitt spekter av arbeidsoppgåver samt instruktørar med spisskompetanse innan sine fagfelt.

Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen der vi har behov for lærlingar. Læreplassane vil ved oppstart vere fordelt på ulike lokasjonar i heile Vestland. Vi rekrutterer lærlingar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Arbeid og opplæring innan alle kompetansemåla i læreplanen for faget, i tillegg til andre driftsoppgåver ved seksjon IKT.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Gjennomgått og bestått VG2 Informasjonsteknologi, lærefag i IT-driftsfaget
  • IT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Kontaktinformasjon

Anette Vevle Øvreås, leiar, 92448210

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4898923209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – IKT Service, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Håndverkere
Yrke Elektriker/elektro
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 19
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 04-08-2025
Søknadsfrist 28-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ae5bea5c-902b-4378-bb52-4c129af009b5
IMPORTAPI