Lærling sikkerheitsfaget – Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Sikkerheit, Helse Bergen
Security and readiness Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid(17 hours ago)
Job Description
Published 19-09-2024
Deadline: 03-10-2024
Lærling sikkerheitsfaget
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.
Vi ser etter deg som er ferdig med vg2 og klar for å utvikle deg i faget gjennom to års læretid. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. I løpet av det første halvåret får du tilbod om vektarkurs.
Vi har no ledig ein 100% stilling som lærling i seksjon sikkerheit. Oppstart så snart som mogleg og intervju blir gjort fortløpande.
Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål, vurdering frå YFF, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar (arbeidgivar, lærar, rettleiar i praksis).
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver tilpassa kompetansemåla i læreplanen
- Tverrfagleg samarbeid
- Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
- Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar
- Handtering av parkeringsanlegg
- Beredskap ifm. helikopterdrift (HLO)
- Til tider er arbeidet fysisk krevande
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 Salg, service og reiseliv
- Bestått VG2 Service, sikkerheit og administrasjon
- Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting)
- Søkar må kunne sikkerheitsklarerast
- Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
- Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
- Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
- Du er ærleg og lojal
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
- Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
- Du er i god fysisk form
Vi tilbyr
- Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg oppfølging
- Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
- Eigne fagdagar for lærlingar
- Rettigheitar og plikter som andre tilsette i sjukehuset
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Moglegheiter for vidare arbeid i Hospitaldrift sikkerhet
- Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbodArbeidstid: Turnus, tre-delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 4.helg
- Lønn etter tariff for lærlingar
- Vektarkurs
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Shahid Jawaid Bajwa, Driftskoordinator, 95857392
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4861921653
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Sikkerheit, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-10-2024 |