Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 16-02-2025

 

Lærling innanfor service- og administrasjonsfaget

Er du positiv og engasjert, og ønsker læreplass i service- og administrasjonsfaget? 

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) er saman med sjukehusa våre ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Vi er om lag 80 medarbeidarar, som sitter i Stavanger sentrum. Vi er fordelt på sju ulike avdelingar; administrasjonsavdelinga, helsefagavdelinga, avdeling for medarbeidar, organisasjon og teknologi, økonomi- og finansavdelinga, kommunikasjonsavdelinga, eigaravdelinga (juridisk) og e-helseavdelinga.

Helse Vest ønsker mangfald, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke, uansett kjønn, alder eller fleirkulturell bakgrunn. 

Vi har ledig læreplass med oppstart juni – august 2025 (etter avtale).

Hos oss får du moglegheit til å utvikle kompetansen din, med varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Læretida vil i hovudsak vere knytt til administrasjonsavdelinga, men med arbeidsoppgåver i fleire avdelingar i Helse Vest RHF. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil spegle oppgåvene til avdelinga du arbeider i, og tar utgangspunkt i læreplan for service- og administrasjonsfaget.

Eksempel på nokre arbeidsoppgåver:

  • yte service til medarbeidarar og besøkande
  • betene helpdesk og sentralbord
    • teknisk støtte 
    • bestille reiser
  • brukarstøtte i sak/arkivsystem (vi brukar systemet Elements)
    • handtere post
  • ulike oppgåver innanfor personaladministrasjon, rekneskap, budsjett og innkjøp
  • planlegge/organisere møter, kurs og konferansar
  • bestille varer og kontorrekvisita
  • varierte kontoradministrative oppgåver

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få meir info!

Dersom du ønsker det kan du også få snakke med tidlegare lærling for å høyre korleis ei læretid hos oss kan sjå ut. 

Velkommen som søkar!

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført VG2 i service, sikkerheit og administrasjon, eller fullfører VG2 våren 2025.
  • Du kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Minimumsnivå B1.
  • Du har gode digitale ferdigheiter. Det er ein fordel om du kjenner til M365.

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg.
  • Du er lærevillig og fagleg interessert.
  • Du er god til å samarbeide og til å ta initiativ.
  • Du er positiv, fleksibel og liker varierte arbeidsoppgåver.
  • Du er opptatt av å ha det bra på jobb, og bidrar til trivsel og godt arbeidsmiljø for alle på arbeidsplassen.

Vi tilbyr

  • Opplæring i eit variert miljø med oppgåver som bidrar til både fagleg og personleg utvikling. 
  • Rettleiing og oppfølging i læretida av kvalifisert fagleg leiar og instruktørar. Vi er opptatt av å finne gode måtar å samarbeide på, i dialog med deg.
  • Nye og trivelege lokale i Stavanger sentrum, like ved togstasjonen.
  • Innandørs sykkelparkering og personalkantine.
  • Eit opent og godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer.
  • Lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Randi Nisja Heskestad, Seniorrådgivar / fagleg leiar, 975 40 943
Torunn Nilsen, Leiar administrasjon

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 4902815841
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 16.02.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Vest RHF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.

 Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.

Webside https://candidate.webcruiter.com/nn-NO/Home/companyadverts?companylock=51961&link_source_id=0#search
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted STAVANGER (Adresse: Knud Holms gate 8 Postnr: 4005)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/294d027c-330c-43b6-84f1-358b43cdb86f
IMPORTAPI