Job Description

Published 07-01-2025
Deadline: 01-03-2025

 

Lærling i logistikkfaget

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, avdeling Drift, har ledig ein læreplass i logistikkfaget. Læreplass i staten er lønsplassert i kode 1362, med startløn på kr. 418 500,-. Løna blir justert opp kvart halvår. Frå løna blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.

Læretida er i utgangspunktet 30 månader, avhengig av utdanning og arbeidserfaring. Endeleg læretid blir fastsett i samråd med Vestland Fylkeskommune i samband med at det blir inngått lærekontrakt.

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen er godkjend lærebedrift i logistikkfaget. Lærlingen får opplæring innan læreplanmåla i læreplan i vg3 logistikkfaget. (LOG03-02).

Er du interessert i å lære meir om logistikk? Ynskjer du å bidra til å gi menneske moglegheiter? Då er dette noko for deg! Nav hjelpemiddelsentral forvaltar store mengder hjelpemiddel, til høge verdiar. I løpet av eit år leverer vi ut over 100.000 hjelpemiddel til brukarar i Vestland fylke. No søkjer vi etter ein engasjert lærling til teamet vårt, som kan vere med i dette arbeidet.

Du vil få ei grundig innføring i logistikk og kundebehandling, planlegging og forbetringsarbeid og systematisk HMS-arbeid. Du får også opplæring i å arbeide i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og instruksar.

Arbeidsoppgaver

Som lærling vil du få varierte arbeidsoppgåver knytt til formidling av hjelpemiddel:

  • mottak av varer
  • registrering og plassering på hovudlager og delelager
  • pakking og sending av varer til kommunane
  • teljing og kontroll av lagervare
  • gjenbruksarbeid
  • anna arbeid som må gjerast på avdelinga

Kvalifikasjoner

For å bli vurdert til læreplassen må du ha

  • fylt 18 år ved oppstart
  • gjennomført minimum vg1 transport og industrifag og Vg2 transport og logistikk
  • interesse for faget
  • evne til å følgje rutinar og forskrifter, særleg knytt til sikkerheit
  • god IT-kompetanse

Ynskjelege kvalifikasjoner

  • førarkort klasse B.
  • truckførarbevis – dette kan du få hos oss om du ikkje har frå før

Personlige egenskaper

Vi ynskjer ein lærling som har

  • gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
  • teknisk innsikt og praktisk sans
  • motivasjon, engasjement og tydeleg serviceinnstilling
  • gode kommunikasjonsferdigheiter

Vi tilbyr

  • ei spennande, interessant og variert læretid med gode moglegheiter for utvikling
  • opplæring og rettleiing frå erfarne fagfolk
  • planlagde læremål og dokumentert oppfølging minst kvart halvår
  • minst 2 veker hospitering på fagområde vi har mindre av hos oss
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • moglegheit til å bidra til ei berekraftig framtid
  • gjennomføring av fagprøve på slutten av læretida

Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar på avdeling Drift, Maria L. Karlsen, telefon 95 03 20 57.

Vi gjer merksam på at CV blir brukt i utvida søkarliste. Ta med originale vitnemål, karakterutskrift og attestar til eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Maria Langstrand Karlsen, Avdelingsleiar , 95032057

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4903434996
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Hjelpearbeider Bygg og anlegg
Sted KOKSTAD (Adresse: Kokstaddalen 35 Postnr: 5257)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d3cfe06b-34e5-4de2-9d92-a5d1e91376d9
IMPORTAPI