Lærling i gjenvinningsfaget – Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
Carpenters Feier(2 days ago)
Job Description
Published 06-01-2025
Deadline: 01-03-2025
Lærling i gjenvinningsfaget
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, avdeling Teknikk, har ledig ein læreplass i gjenvinningsfaget. Læreplass i staten er lønsplassert i kode 1362, med startløn på kr. 418 500,-. Løna blir justert opp kvart halvår. Frå løna vert det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.
Læretida er i utgangspunktet 30 månader, avhengig av utdanning og arbeidserfaring. Endeleg læretid blir fastsett i samråd med Vestland Fylkeskommune i samband med at det blir inngått lærekontrakt.
Er du interessert i miljø og berekraft? Ynskjer du å bidra til ei grønare framtid? Då er dette moglegheita for deg!
Nav hjelpemiddelsentral forvaltar store mengder hjelpemiddel, til høge verdiar. Hjelpemiddel vi får tilbakelevert, skal kjeldesorterast. Når det er mogleg skal produkta settast i stand og klargjerast for nye brukarar. Dette skal vere med og redusera miljøpåverknad, og fremje berekraftig ressursbruk. No søkjer vi etter ein engasjert lærling til teamet vårt, som kan vere med i dette arbeidet
Arbeidsoppgaver
Som lærling vil du vere med å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike arbeidsprosessar innan gjenvinning:
- ta imot, kontrollere, klassifisere, klargjere og sortere avfall etter gitte kravspesifikasjonar
- handtere farleg avfall etter gjeldande regelverk
- klargjere avfall for videre behandling
- vedlikehald av maskiner og utstyr
- intern rettleiing i sortering og handtering av avfall
- registrere og rapportere avvik i kvalitets- og internkontrollsystem
- bli kjend med og følgje regelverk innan avfallshandterin
Kvalifikasjoner
For å bli vurdert til læreplassen må du ha:
- fullført 1-2 år i vidaregåande skule i Teknologi og industrifag
- interesse for miljø og berekraft
- evne til å følgje rutinar og forskrifter, særleg knytt til sikkerheit
- god IT-kompetanse
Ynskjelege kvalifikasjonar
- førarkort klasse B
- truckførarbevis – dette kan du få hos oss om du ikkje har frå før
Personlige egenskaper
Vi ynskjer ein lærling som har
- gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- teknisk innsikt og praktisk sans
- motivasjon, engasjement og tydeleg serviceinnstilling
- gode kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
- ei spanande, interessant og variert læretid med gode moglegheiter for utvikling
- opplæring og rettleiing frå erfarne fagfolk
- planlagde læremål og dokumentert oppfølging minst kvart halvår
- minst 4 veker hospitering på gjenvinningsstasjon på fagområde vi har mindre av hos oss
- eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø · moglegheit til å bidra til ei berekraftig framtid
- teorikurs for å gå opp til eksamen i gjenvinningsfaget
- gjennomføring av fagprøve på slutten av læretida
Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar på avdeling Teknikk Geir Sigurd Handegård, telefon 41 31 76 53.
Vi gjer merksam på at CV blir brukt i utvida søkarliste. Ta med originale vitnemål, karakterutskrift og attestar til eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Geir Handegård, Avdelingsleiar , 41317653
Arbeidssted
Kokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4903363439
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2025
DIVERSE INFO