Job Description

Published 09-01-2025
Deadline: 31-01-2025

 

Lærling i ambulansefaget 2025–2027

Blir lærling i ambulansefaget hos Helse Fonna – vi søkjer deg som er engasjert og motivert frå hausten 2025!

Helse Fonna vil ta inn lærlingar ved ambulansestasjonane i Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Odda, Kvinnherad, Stord og Bømlo. Som lærling må du rekne med læretid ved andre stasjonar i Helse Fonna, samlingar og praksis i heile distriktet.

Vår lærlingkoordinator og våre dyktige instruktørar sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til fysiske testar og intervju. Opptak vert gjennomført i veke 9, og dei som er aktuelle, vil bli kontakta.

Krav til fysisk test:

  • Springe 1000 m på maks 5 minutt
  • Bære backboard med 80 kg 200 m på maks 10 min
  • Bære bærestol med 80 kg opp og ned ein etasje 3 gonger, minst ein gong i kvar ende på maks 8 min
  • Stadfeste at du kan symje

Merk: I forbindelse med utplassering vil det bli stilt krav om politiattest.

Søk no via lenka.

Arbeidsoppgåver

  • Ambulanseoppdrag innan heile fagfeltet
  • Vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teoretisk fordjuping
  • Intern og ekstern undervisning

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • God helse, helseattest førarkortgruppe 3, ikkje eldre enn 6 mnd. Helst utstett av fastlækjar. Blankett IS-2569 22.05.2017
  • Bestått fysisk test
  • Gjennomført og bestått VG 1 Helse- og oppvekstfag
  • Gjennomført og bestått VG 2 Ambulansefag på skole før tiltreding
  • Søkarar som ikkje har fullført og bestått VG1 og VG2 frå ordinær skule kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning inkl. YFF før tiltreding. Andre søkjarar kan også vurderast.
  • Førarkort kl. B/BA gjennomført og bestått innan januar 2026 (dekkes av den enkelte)
  • Førarkort kl. C1 gjennomført og bestått i løpet av juni 2026 (dekkes av den enkelte)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter det som har:

  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg, munnleg og digitalt
  • god fysisk og psykisk helse (sjå definerte fysiske krav)
  • motivasjon for å vere ambulanselærling
  • evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff for lærlingar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit spennande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
  • Rullering mellom stasjonane må påreknast
  • Internundervisning, kurs og fagleg oppfølging 

Kontaktinformasjon

Nora Apeland, Lærlingkoordinator, +47 99427425, nora.apeland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4902620578
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærlinger og viderutdanning, Helse Fonna HF orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 12
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b9588fa2-d1ca-4d17-9e5a-b54f1e8f5c12
IMPORTAPI