Lærling helsefagarbeidar – Pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Health and social care LPN (nurse)(2 days ago)
Job Description
Published 03-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Lærling helsefagarbeidar
Opplæring i helsefagarbaiderfaget er på sjukeheim, i heimebaserte tenester og i tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsoppgåver
Som lærling hos oss vil du få opplæring etter fastsett læreplan, og du må delta aktivt i eige planleggings- og vurderingsarbeid. Du vil vere tilsett med same rettar og plikter som andre arbeidstakarar, og du skal bidra aktivt i kommunens daglege drift. Du vil etter kvart få auka ansvar og meir sjølvstendige arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Bestått vidaregående skule på VG1- og VG2-nivå (felles- og programfag)
- Beherske norsk skriftleg og munnleg for forsvarleg yrkesutøving
- God orden og oppførsel
- Lågt fråvær frå vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Er motivert til å lære meir innan fagområdet helse og omsorg
- Arbeider strukturert og målretta med læreplanen din
- Er opptatt av å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
- Er fleksibel og har evnen til å tilpasse deg ulike oppgåver
- Er punktleg, strukturert, påliteleg og ansvarsfull
- Er glad i å jobbe med menneske
- Er ein hyggeleg kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er god på både samarbeid og sjølvstendig arbeid
Vi tilbyr
- Oppfølging og rettleiing etter vår oppfølgingsmodell
- Fagleg og personleg utvikling
- 50 % av begynnerlønn til fagarbeidar igjennom heile læretida, utgjer pr. d.d. kr 18 220,83 pr. månad
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningsliner
Dokumentasjon på utdanning og praksis leggast ved søknaden.
For alle stillingar gjeld dei reglar som går fram av lover, reglement og gjeldande tariffavtale.
Namnet ditt kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på søkarlista.
Aktuelle søkarar vil bli inviterte til intervju, og personleg eignaheit vil inngå i vurderinga.
Får du tilbod om stillinga må gyldig politiattest leverast til leiar/tenestestad.
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 35067188, gry.bergland@fyresdal.kommune.no
Arbeidssted
Prærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4880122991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Pleie og omsorg, Fyresdal kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for. |
Webside | https://www.fyresdal.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | FYRESDAL (Adresse: Prærien 23 Postnr: 3870) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |