Læreplass for helsefagarbeidar – Hyllestad Eiklund Sjukeheim

Health and social care LPN (nurse)

(3 weeks ago)

  •  Post Date: 30. January 2025
  •  Expire date: 24. March 2025
Job Description

Published 30-01-2025
Deadline: 24-03-2025

Læreplass for helsefagarbeidar

Kvifor søkje hos oss?

  • Du vil få ein variert arbeidsdag gjennom å gje stell, pleie og omsorg til pasientane

  • Eigen praksisrettleiar

  • Kjekke og kompetente kollegaer

  • Moglegheit til å arbeide på institusjon og/eller heimetenestene

  • Arbeidstid etter oppsett årsturnus, med arbeid dag og kveld (ikkje natt som lærling)

  • Sjukeheimen og heimetenestene sin base er lokalisert i same bygg, med omsorgsbustader i tilknytning

  • For lærlingar unde 25 år kan vi tilby eit stipend på 100.000 mot 2 års bindingstid etter avlagt fagprøve

Som helsefagarbeidarlærling vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Gje pleie og omsorg med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den enkelte i det daglege

  • Dokumentasjon i CosDoc pasientjournalsystem etter gjeldande regelverk

  • Bidra til godt samarbeid og informasjonsflyt på tvers av faggrupper og avdelingane

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ynskjer deg som

  • har fullført 2 år på vidaregåande, og har igjen praksistida

  • er motivert

  • vil bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • er glad i menneske

  • viser omsorg og respekt for andre

Det vil bli nødvendig med førarkort for bil når ein skal arbeide i heimetenestene, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om tilfredsstillande helse- og politiattest for stillinga.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av einingsleiar Unni Systaddal tlf. 481 790 160 eller fagleiar Hilde Håvåg tlf. 404 14 761.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse. Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Vi ser fram til din søknad!

Ønskjer du å vere ein del av Hyllestad kommune si framtidige eldreomsorg? Då er det deg vi leitar etter! Vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med å bidra til at pasientane våre opplever gode omsorgstenester, kvar dag er like viktig.

Relevante lenkjer/info

  • Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar

  • Hyllestad.info

  • Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar

  • Sjå film om den fine kommunen vår!

  • Gratis inngang til treningsrommet i idrettshallen vår

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hyllestad Eiklund Sjukeheim orgnr: 973971263
Kort om arbeidsgiver

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika – Bergen.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule – for å nemne noko.
Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!

Webside https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/3449611/234519?iso=nn
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 24-03-2025
Søknadsfrist 24-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d08cbe4d-90f7-4ff8-aaf8-1037612feda1
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31