Lærarvikariat 100% -Årås skule – Austrheim kommune

Education Primary School

(2 days ago)

  • AUSTRHEIM
  •  Post Date: 27. November 2024
  •  Expire date: 16. December 2024
Job Description

Published 27-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Lærarvikariat 100% -Årås skule

Ledig lærarvikariat 

Frå 01.01.25 – 19.12.2025 er det ledig eit lærarvikariat i 100% ved Årås skule. 

Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 274 elevar og 46 tilsette.

Skulen er organisert i team.

Årås skule har fokus på å vere ein inkluderande skule, og er er ein PALS – og MOT-skule.

 

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Dette er ein timelærarstilling og du vil undervise på fleire trinn
  • Bidra til skulen si kontinuerlige utvikling
  • Årås skule har særleg behov for lærar i engelsk 

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjend lærarutdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing i grunnskulen
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT

 

I tråd med opplæringslova opplæringslova § 17-11 vert det stilt krav om tilfredsstillande 
politiattest ved tiltrede.

Kven ser me etter?

Me søkjer ein lærar som er fagleg medviten, godt førebudd og som planlegg undervisninga både aleine, og i samarbeid med kollegaer. Læraren me ser etter, legg vekt på ein inkluderande undervisningspraksis som fremjar høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad. I tillegg ønskjer me ein lærar som aktivt samarbeider med kollegaer og skuleeininga for å utvikle både læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte.

Austrheim kommune har nynorsk som målform.

Me tilbyr

Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Engasjerte og dyktige kollegaer
Eit positivt læringsmiljø med fokus på utvikling

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling – både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austrheim kommune orgnr: 987550600
Kort om arbeidsgiver

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. 

Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! 

Webside https://www.austrheim.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted AUSTRHEIM (Adresse: Furulyvegen 55 Postnr: 5943)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ec4efc8b-6d47-47a6-8941-f3d96ebfc460
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271099