Job Description
Published 14-03-2025
Deadline: 30-03-2025
Lærarstillingar
Neste skuleår har Garnes skule inntil to faste stillinger og fire vikariat ledig for positive kollegaer som ønskjer å være med å skape ein god skule for verdas beste elevar! Vikariata er fordelt slik: 100% eitt skuleår, to 100% i 6-9 månadar og 80% i ca eit halvt år, med høve til forlenging.
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med ca 310 elevar skuleåret 2025/26. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.
På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar gjer så godt dei kan og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.
Garnes sule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der ca 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og kontaktlæraransvar på 1.-7. trinn
- Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
- Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som bygger fagleg og sosial kompetanse
- Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
- Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar.
- Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap
Kvalifikasjonar
- Lærerutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn
- 30 sp. norsk og matematikk
- Fagønske: Engelsk og musikk
- Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ei fordel.
- Ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal
Personlege eigenskaper
- Du har eit sterkt pedagogisk engasjement og interesse, der elevane si tilhøyring sosialt og i læring står i fokus
- Du er ein tydelig og varm vaksen
- Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
- Du har kompetanse på å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
- Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
- Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule
Vi tilbyr
- Bergen kommune – ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver med tydeleg retning for bergensskulen
- Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette
- Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Synnøve Hjertaker, Rektor, 93405622, synnove.hjertaker@bergen.kommune.no
Arbeidssted
Øvre Seimsmark 52
5264 Garnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bergen kommune
Referansenr.: 4934795556
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 30.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Garnes skule, Bergen kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte. |
Webside | http://www.bergen.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | GARNES (Adresse: Øvre Seimsmark 52 Postnr: 5264) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 30-03-2025 |