Lærarstilling – Vindafjord kommune Skjold skule

Education Primary School

(13 hours ago)

  • SKJOLD
  •  Post Date: 24. September 2024
  •  Expire date: 8. October 2024
Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 08-10-2024

 

Lærarstilling

Me søker:

Skjold skule er på jakt etter ein ny kollega og lærar. Kan dette vere deg? Me har ledig 100 %, fast stilling ved Skjold skule, stillinga er ledig frå 1. januar 2025.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar:

  • Allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
  • Det er eit ynskje at den som blir tilsett kan undervisa i norsk, engelsk og spansk. 

Personlege eigenskapar:

Me ynskjer ein dyktig pedagog som likar å arbeide med elevar.

  • Tydeleg klasseledar
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel og løysningorientert
  • Positiv og utviklingsorientert
  • Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eigenhet vektlegges særleg. 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Skjold skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Skjold skule ligg sentralt i Skjold, og har noko over 300 elevar på 1.-10. trinn, med to parallell-klassar på ungdomstrinnet. Elevane våre kjem frå skulekrinsane Vik, Vats og Skjold på ungdomssteget. Skulen har om lag 50 engasjerte og dyktige tilsette, Frå hausten 2020 framstår det meste av skulen som ny og moderne. Det fysiske læringsmiljøet er godt tilrettelagt for alle aldersgrupper, og skulen har tilgang til idrettshall, kunstgrasbane, ballbinge og grasbane, og har eigen lavvo i nærmiljøet.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted SKJOLD (Adresse: Vikanesvegen 4 Postnr: 5574)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/89cf5aff-19b2-435a-8145-647de2510d85
IMPORTAPI