Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 22-11-2024

 

Lærarstilling ved Bokn skule

Bokn kommune søkjer etter lærar i 50-100% stilling. Me har ledig vikariat fram til juli.

Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.

Sjølv om me ønsker lærar i alle fag, så kan kompetanse i realfag og spesialpedagogikk vera ein fordel. Det kan vera aktuelt med studentar og deltidsstillingar.

Viktige stikkord er: 

  • god klasseleiing
  • grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • digital utvikling
  • høg kvalitet i opplæringa
  • høgt læringsutbytte for elevane
  • aldersblanda grupper

Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me blant anna jobbar med skulemiljø og aldersblanding.

Skulen har også fokus på delingskultur og tverrfagleg samarbeid.

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel og løysingsorientert
  • sjølvstendig og strukturert
  • gi og ta imot rettleiing

Me kan tilby:

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Bokn skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring.
Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga.
Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar.
Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.
Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Design, grafisk arbeid og illustrasjon
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37 Postnr: 5561)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e36365a0-3565-45f1-b89f-c7fa8dfae6ad
IMPORTAPI