Job Description
Published 27-10-2024
Deadline: 18-11-2024
Lærarstilling
Torvmyrane skule i Florø har ledig 100% lærarstilling frå 01.02.2025-31.01.2026. Vikariat med mogleg forlenging.
Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som i tillegg til grunnskule 1.-7.klasse inneheld SFO , 2 innføringsklassar for fleirspråklege barn, og 5-avdelingsbarnehage for barn frå 1-5 år. Vi arbeider målretta for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistring i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute, og har unik tilgang på Brandsøyåsen som leike- og læringsmiljø. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest her oppe, 3 km frå by'n. Vi møtes på tvers så ofte vi kan-gjerne i huset sitt hjarte, Fugleberget; for fellesopplevingar og framsyningar med små og store utøvarar. Vil du vere med på å dele denne fellesskapen? Søk!
Arbeidsoppgåver
Undervisning. Støtte og rettleie barn i fagleg, sosial og relasjonell utvikling. Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø.
Utøve god klasseleiing. Delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
Samarbeide med andre faginstansar
Vi treng lærarar som kan ta på seg kontaktlærarfunksjon ved behov, og som er open for å jobbe i dei ulike gruppene vi har; i småskule, storskule eller innføringsklasse. Kvalifiserte søkarar får høve til å komme med ønske om gruppe, fag og arbeidsoppgåver, men vi fordeler til ei kvar tid oppgåver ut frå kvalifikasjonar og skulen sitt samla behov.
Kvalifikasjonar
Grunnskulelærar 1-7, Grunnskulelærar 5-10 eller anna pedagogisk høgskuleutdanning.
Søkarane må kunne bidra i team, og jobbe tett med andre pedagogar og fagarbeidarar. Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagd. Det er forventa at søkar har tilfredstillande norsk språk og god IT-kompetanse.
Fagynskje: Norsk, matematikk, engelsk, kroppsøving (m symjing), musikk, spes.ped, norsk som 2.språk eller tilsvarande.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, som har humør og engasjement i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår for alle barn, uansett bakgrunn. Du set barnet i fokus og har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, er fleksibel og toler at planar endrast på kort tid. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og blomstrar i eit miljø med kultur for deling. Du er nysgjerrig og utprøvande og veit at du lærer undervegs, også når du møter motgang. Du er ein tydeleg vaksen som arbeider både sjølvstendig og på lag med andre.
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og meistring i alle ledd.
Eit suverent kollegie som kvar dag bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse.
Du er hjarteleg velkommen med på Team Torvmyrane!
Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i SPK
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689, sissel.ostrem@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Torvmyra 2
6908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4873415645
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 18.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Torvmyrane Skule orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | FLORØ (Adresse: Torvmyra 2 Postnr: 6908) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-02-2025 |
Søknadsfrist | 18-11-2024 |