Lærarstilling – fast / tidsavgrensa – Sula ungdomsskule, Sula kommune

Education Primary School

(2 weeks ago)

  • LANGEVÅG
  •  Post Date: 6. March 2025
  •  Expire date: 30. March 2025
Job Description

Published 06-03-2025
Deadline: 30-03-2025

Lærarstilling – fast / tidsavgrensa

Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.

Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 425 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er “aktiv og inkluderande “, der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært  og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar. 

Grunna overgang til pensjon, permisjonar og vidareutdanning så har vi neste skuleår behov for inntil 1300% stilling som lærar ved skulen. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar av ulik lengde (frå to mnd. til årsvikariat). Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfelleskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.

Arbeidsoppgåver

Alle fag er aktuelle, og ein må pårekne kontaktlærarfunksjon.

Nokre av oppgåvene som ligg til arbeidet i skulekvardagen:

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
  • Vurdering og tilbakemelding
  • Pedagogisk tilpassing
  • Motivasjon og klasseleiing
  • Samarbeide med føresette og kollegaer
  • Administrasjon av fag og klasser
  • Halde seg fagleg oppdatert og delta i skulen sine utviklingsarbeid  

Kvalifikasjonar (overskrift)

Den som blir tilsett må beherske norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.

Vi krev undervisningskompetanse for ungdomstrinnet. 

Erfaring frå undervisning på ungdomssteget er ein fordel.

Søkjar må kunne nytte digitale verktøy.

Vi søkjer deg som har god relasjonskompetanse og kan bygge gode læringsmiljø i tett samarbeid på team. 
Du har evne til å organisere undervisning og aktivitetar på ein strukturert og forutsigbar måte til det beste for elevane.

Vi søkjar deg som er glad i å samarbeide, er kreativ og løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din.

Du er ein tydeleg klasseleiar og trivst i lag med ungdom. Du må vere interessert i elevane, både i fagleg og personleg utvikling.

Du er ein relasjonsbyggjar og har eit genuint ynskje om å utgjere ein positiv forskjell for elevane.

Som lærar i ein hektisk kvardag, er du fleksibel og handterer utfordringar og stress som måtte dukke opp. 

God kommunikasjonsdugleik er viktig, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.

Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.

Vi samarbeider tett om fag og elevar, med mellom anna to kontaktlærarar per klasse og tett og forpliktande fagsamarbeid på trinn.

Skulen har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling, læringsutbytte, vurdering, klasseleiing og profesjonsutvikling. 

Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.

Kontaktinformasjon

Pål Andre Holen, +47 70198701

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4934464160
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sula ungdomsskule, Sula kommune orgnr: 975289745
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted LANGEVÅG (Adresse: Postnr: 6030)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 13
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 30-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/27edee1e-00aa-4f3e-a7d8-02bcbedfde9b
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31