Job Description
Published 06-03-2025
Deadline: 23-03-2025
Lærarar
Ørskog skule søker etter lærarar som kan undervise på 1.-4. trinn, og lærarar som kan undervise i kroppsøving og musikk på både barnetrinn og ungdomstrinn.
Ørskog skule stod ny i 2018, og har gode fasilitetar til å drive ei moderne og tilpassa undervisning. Vi er ein 1.-10. trinn skule og har inneverande skuleår 260 elevar. Sfo er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte.
Skulen sitt uteområde er stort og variert. Idrettsanlegg, skytebane, stall, sjø, elv, skog og fjell utgjer samla vårt ute klasserom, som kan nyttast i opplæringa .
Elevar har gjennom valfag bygd færingar som vi har i naust, og vi har oppretta Fjordbasen med båt og utstyr til å kunne drive fiske. Dette gir oss svært gode moglegheiter til varierte og praktiske læringsarenaer.
Vi har eit dyktig og engasjert kollegium som samarbeider i team for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Fagleg inkludering og ei praktisk tilnærming i opplæringa er ein del av skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid inneverande skuleår.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning etter læreplan og gjeldande lovverk
- Kontaktlæraroppgåver er aktuelt
- Teamsamarbeid
- Bidra aktivt i skulen sitt pedagogisk utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Lærarar med pedagogisk utdanning samt undervisningskompetanse på barneskule.
- Helst erfaring med undervisning og kontaktlæraroppgåver
- Gode eigenskapar som klasseleiar
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- God til å samarbeide og bygge relasjonar
- Positiv og engasjert
- Initiativrik og løysingsorientert
- Strukturert og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
- Engasjerte og inkluderande kollegaer
- Nye og moderne lokaler og utstyr
- Lønn etter tariff
- Medlemskap i SPK
Kontaktinformasjon
Eva Myklebust Larsen, Assisterande rektor, 926 99 566, Eva.Myklebust.Larsen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ryssebøvegen 2
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4931718854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ørskog skule, Ålesund kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | ØRSKOG (Adresse: Ryssebøvegen 2 Postnr: 6240) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-03-2025 |