Job Description
Published 24-06-2024
Deadline: 09-07-2024
Lærarar
Høyanger skule har ledig 2 x 100 % lærarstillingar i tidsrommet 01.08.24. – 31.07.25, vikariat. Undervisning på 1-10. Fagønskje er norsk, engelsk, kunst og handverk, musikk og spesialpedagogikk.
Vi legg vekt på:
– God relasjonskompetanse
– Fagleg engasjement
– Fleksibilitet
– Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
– Høve til kompetanseutvikling
– Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
– Lønn etter gjeldande tariffavtale
Dei som vert tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.
God digital kompetanse og erfaring frå klasseleiing er eit føremon.
Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO