Lærar – vikariat – Torvmyrane skule

(6 days ago)

  • FLORØ
  •  Post Date: 23. March 2025
  •  Expire date: 6. April 2025
Job Description

Published 23-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Lærar – vikariat

Vil du prøve deg som Torvmyring? Ledig vikariat lærar 100 %  skuleåret 2025-2026, med moglegheit for forlenging eller fast stilling.

Torvmyrane skule er ein mangfaldig organisasjon som inneheld 5 avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, 1-7 skule, innføringsklasse for fleirspråklege barn og SFO. Vi strekker oss langt for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistringsopplevingar i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute-  og på tvers av alder, fag og skostorleikar. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest tett på Brandsøyåsen og 3 km frå sentrum.

Arbeidsoppgåver

Undervisning 1-7.trinn, ordinær klasse eller Innføringsklasse. Kontaktlærarfunksjon kan leggast til stillinga. 

Kvalifikasjonar

Grunnskulelærar 1-7 med undervisningskompetanse i norsk,engelsk, matematikk. Fagynskje elles: kroppsøving, musikk. 

Personlege eigenskapar

Vi ønsker deg som trivast blant både små og store,  og som har humør og engasjement  i arbeidet med å skape gode utviklingsvilkår  barn. Du set barnet i fokus. Du er allsidig, fleksibel og toler at planar endrast på kort tid. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande  og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du trivast og held hovudet kaldt når det kokar. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollega. 

Vi tilbyr

Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd. 

Eit suverent kollegie som kvar dag  bidreg til eit arbeidsmiljø i særklasse.

Løn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i SPK

Kontaktinformasjon

Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689, sissel.ostrem@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Torvmyra 2
6908 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4927102240
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Torvmyrane skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Webside http://www.kinn.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted FLORØ (Adresse: Torvmyra 2 Postnr: 6908)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/476c5e6f-f335-4f2f-9e9f-11a807fc8cf2
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31