Lærar ved Selje skule – Selje skule, Stad kommune

Education Primary School

(15 hours ago)

  • SELJE
  •  Post Date: 13. October 2024
  •  Expire date: 3. November 2024
Job Description

Published 13-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Lærar ved Selje skule

Har du lyst til å bli ein del av teamet på Selje skule? Då må du ta kontakt!

Vi har ledige vikariat som lærar frå 01.01.2025 til 31.07.2025. Dersom det vert interne endringar, kan det bli behov for tilsetjing av fagarbeider. 

Selje skule er ein 1-10 skule, som ligg i Selje sentrum.  Skulen vil skuleåret 2024-2025 ha ca. 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Meir informasjon om Selje skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.    

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere opplæringa
  • Leie læringsarbeid ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasse og gruppe
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Samarbeid med føresette og ev andre samarbeidspartar
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Du kan lese meir om den her. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar med vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet, allmennlærar, grunnskulelærar 1-7 og 5 -10 eller faglærar. 
  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og unge, som har god relasjonskompetanse og evne til å skape trygge og føreseielege dagar for elevane
  • Du som har blikk for den einskilde, men også for det som må til for fellesskapet for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. 

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan vise til stabilitet over tid
  • Du oppgir relevante referansar

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest  av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor Ellen Rundereim.

Kontaktinformasjon

Ellen Rundereim, rektor Selje skule, 917 18 153, ellen.rundereim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 169
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4864910254
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Selje skule, Stad kommune orgnr: 975289869
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted SELJE (Adresse: Fv618 169 Postnr: 6740)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/18d5fc1e-b5f4-43a0-8849-d9af497b0156
IMPORTAPI