Lærar ved Åheim skule – Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Education Primary School(2 days ago)
Job Description
Published 12-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Lærar ved Åheim skule
Det er ledig vikariat som lærar ved Åheim skule ut skuleåret 2024-2025.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer tilsette med god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med på å skape eit profesjonsfellesskap.
Åheim skule treng lærar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna. Vikariatet er på 100%, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide redusert stilling etter avtale.
Kvalifikasjonar
– allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
– ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
– anna relevant utdanning
– ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
– god pedagogisk digital kompetanse
– personlege eigenskapar vil blir vektlagt i intervju og ved referanse
Personlege eigenskapar
– utviklings- og løysingsorientert
– ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
– god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
– omgjengeleg, initiativrik, fleksibel.
– flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
– god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
– delta i skulen sitt utviklingsarbeid
– bidreg til eit godt arbeidsmiljø
– fremje eit godt skule-heim samarbeid
– tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Brudevoll, rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Ospelida 4
6146 Åheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 4883929073
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.11.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO