Lærar – Vatne barneskule, Haram kommune

Education Primary School

(13 hours ago)

  • VATNE
  •  Post Date: 17. October 2024
  •  Expire date: 29. October 2024
Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 29-10-2024

 

Lærar

Vi har ledig ei 100 % stilling fast som lærar ved skulen vår. Stillinga er ledig frå 01.01.25. 

Skulen er ein dysleksivennleg skule med omlag 100 elevar fordelt på 1.kl – 7.kl.  Frå 01.08.25 flytter vi til til nye Eidet skule.

Er du nysgjerrig, engasjert, samarbeidsvillig og interessert i teknologi ? Likar du utforskande læringsmetoder og vil du vere med å utvikle framtidsskulen i lag med kollegiet på Vatne barneskule – då kan dette vere lærarjobben for nettopp deg. 

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som kan skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tensteområda våre, slik at vi saman kanskape robuste tilbod for  innbyggarar og næringsliv. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie arbeidet med elevane si læring
  • Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane 
  • Samarbeide med tilsette på skulen, føresette og faginstansar
  • kontaktlæraransvar

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning 1-7, 5 – 10
  • ønskjeleg med minimum 30 studiepoeng i norsk og matematikk
  • særleg kompetanse innan:  kunst og handverk, religion og kroppsøving 
  • personlege eigenskapar vil bli  vektlagt i intervju og ved referanse.

Personlege eigenskapar

  • God til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
  • ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
  • utviklings – og løysingsorientert 
  • omgjengeleg, initiativrik og fleksibel
  • delta i skulen sitt utviklingsarbeid
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • fremje eit godt skule – heim samarbeidtilsetjing med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap
  • Tilsetting i IA-bedrift
  • Tilsetting i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Ranveig V Vedeld, Verksemdsleiar/Rektor, 91891803, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Gjerdebakken 55
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4872587786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 29.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vatne barneskule, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted VATNE (Adresse: Gjerdebakken 55 Postnr: 6265)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 29-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/801953b4-0d89-415c-a9ee-a5bf0aa54dd3
IMPORTAPI