Job Description
Published 28-11-2024
Deadline: 10-12-2024
Lærar
Vi har ledig eit vikariat som lærar i 100 % stilling ved skulen vår. Stillinga er ledig frå 01.01.25. – 31.07.25.
Skulen er ein dysleksivennleg skule med omlag 100 elevar fordelt på 1.kl – 7.kl. Frå 01.08.25 flytter vi til til nye Eidet skule.
Er du nysgjerrig, engasjert, samarbeidsvillig og interessert i teknologi ? Likar du utforskande læringsmetoder og vil du vere med å utvikle framtidsskulen i lag med kollegiet på Vatne barneskule – då kan dette vere lærarjobben for nettopp deg.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som kan skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tensteområda våre, slik at vi saman kanskape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på barnetrinnet, med kontaktlærar ansvar.
- Undervisning i forhold til individuelt tilrettelagt opplæring.
- Fagleg og sosial oppfølging av elevar.
- Samarbeide med tilsette på skulen, føresette og faginstansar.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1- 7, 5 – 10.
- Ønskjeleg med minimum 30 studiepoeng i norsk og matematikk.
- Særleg kompetanse innan: kunst og handverk, religion og kroppsøving.
- Erfaring frå undervisning på barnetrinnet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse.
Personlege eigenskapar
- God til å tenkje heilskapeleg rundt barna sitt oppvekstmiljø.
- Ein klar, robust og tydeleg klasseleiar.
- Utviklings- og løysingsorienter.
- Omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Fremje eit godt skule – heim samarbeid.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulatai.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Ranveig V Vedeld, Verksemdsleiar/Rektor, 91891803, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Gjerdebakken 55
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4889450039
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vatne barneskule, Haram kommune orgnr: 975284085 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | VATNE (Adresse: Gjerdebakken 55 Postnr: 6265) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 10-12-2024 |