Lærar på Klepp ungdomsskule – Klepp ungdomsskule, Klepp kommune

Education Primary School

(7 hours ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 3. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 03-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Lærar på Klepp ungdomsskule

Klepp ungdomsskule har ledig fast lærarstilling i 100 % frå 25.11.24

Alle lærarar kan søkja, fleire fag er aktuelle. 

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Oppstart kan vera både før og etter 25.11.

Velkommen til ein spennande arbeidsplass!

Arbeidsoppgåver

Undervisning på 8.-10. trinn

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning som kvalifiserar for undervisning på ungdomssteget 
  • Erfaring med klasseleiing og undervisning er ønskeleg
  • Det vil bli vektlagt skulen sine behov og personlege eigenskapar
  • Før ein eventuelt tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram

    Me ber om at alle attestar og vitnemål som er aktuelle for rett lønsplassering blir lagt ved søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du er ein tydeleg klasseleier med fokus på gode relasjonar 
  • Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert 
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har evnen til å jobbe aleine
  • Du har høg arbeidskapasitet 
  • Du har godt humør og tek ansvar for at dei rundt deg har det bra 

Vi tilbyr

Vår visjon for elevane er å bli den beste du kan bli! Me ønskjer å vera trygge og tydelege vaksne for elevane, og engasjerte i heile menneske.
Klepp ungdomsskule er ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på samarbeidslæring og gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Skulen har gode system som gjer det enklare å bruka tid på å få til god læring.

Du blir ein viktig deltakar på eit godt lag på Klepp ungdomsskule! 

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.

Kontaktinformasjon

Sigurd Ravndal, Rektor, +47 92868154

Arbeidsstad

Stasjonsvegen 26B
4352 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4866806591
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp ungdomsskule, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted KLEPPE (Adresse: Stasjonsvegen 26B Postnr: 4352)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2e6d87b-6f26-43fb-87bb-83e0a6a9387d
IMPORTAPI