Lærar – Oppvekst og kulturetaten, Ulstein skule

Education Primary School

(3 days ago)

  • ULSTEINVIK
  •  Post Date: 8. October 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 08-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Lærar

Ulstein kommune har fem grunnskular. Les meir om skulane her.

Ulstein skule har ledig stilling som lærar frå 01.01.2025. 

Det vert stilt krav om politiattest av ny dato.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie arbeidet med elevane si læring
  • Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Samarbeid med tilsette på skulen, føresette og faginstansar
  • Kan bli tillagt kontaktlæraransvar

Kvalifikasjonar

  • Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting og undervising, jf. opplæringslova § 17-3 og opplæringsforskrifta kapittel 12

Det vert lagt vekt på utdanning, praksis og personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein lærar som

  • er glad i å samarbeide 
  • er kreativ og løysingsorientert og har vilje til utvikling 
  • er ein strukturert, sjølvstendig og tydeleg vaksen som møter alle elevar og føresette med respekt og forståing
  • er aktiv i kollektive læringsprosessar og har vilje til utvikling
  • har eit positivt elevsyn og set eleven i sentrum 
  • er oppteken av å byggje gode relasjonar

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
  • Eit utviklingsorientert, godt arbeidsmiljø
  • Høve til å undervise med ny teknologi
  • God offentleg pensjonsordning

Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søke på stillinga.

Stillingsbehovet vil kunne endre seg. 

Kontaktinformasjon

Norunn Lindvik Velsvik, +47 90706996, norunn.velsvik@ulstein.kommune.no

Arbeidsstad

Bøen 10
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 4868897403
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst og kulturetaten, Ulstein skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Webside http://www.minskole.no/ulstein
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Bøen 10 Postnr: 6065)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/763f735d-1b7e-4006-8c6d-a52f7755490c
IMPORTAPI