Lærar med realfagkompetanse – vikariat – Åmot skule, Vinje kommune
Education Primary School(15 hours ago)
Job Description
Published 01-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Lærar med realfagkompetanse – vikariat
Er du ein engasjert og autoritativ lærar med realfagleg bakgrunn, håpar me at du søkjer deg til oss ved Åmot skule. Me har ledig eit vikariat i 100% stilling, med moglegheit fast tilsetjing.
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss ein lærar som er tydeleg, inkluderande og har ein autoritativ lærarstil, med hjarte for faget. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg som lærar både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at elevane våre får høg kvalitet på opplæringa i eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Sørge for læring og progresjon for den einskilde elev, gjennom tilpassa opplæring
- Aktiv deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
- Bidra i eit kollektivt læringsfellesskap, med god delingskultur
- Forpliktande team- og avdelingssamarbeid
- Samarbeid med leiinga, føresette og andre aktuelle instansar
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning innanfor realfaga matematikk og naturfag, andre fag kan òg bli vurdert
- Erfaring frå grunnskule og vidaregåande
- Spesialpedagogisk erfaring er eit ynskje, men ikkje eit krav
- Kunnskap og forståing om lese-, skrive- og reknevanskar
- Gode digitale ferdigheiter og bruk av digitale verkty i undervisninga
- Me nyttar Visma flyt timeplan og Visma skole
- Søkjarar må ha meget gode munnlege og skriftlige ferdigheiter i norsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med barn og unge – inne som ute
- Du har gode mellommenneskelege ferdigheiter
- Du er ein tydeleg og raus klasseleiiar
- Du beherskar ulike læringsstrategiar og tilpassa opplæring
- Du er profesjonell i møte med elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du er lære- og samarbeidsvillig
- Du likar å halde deg fagleg oppdatert
- Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Du har evne til å ta og gje ansvar
- Du fremstår som ein vaksen rollemodell, som møter elevar tydeleg og vennleg
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
- Løn etter lokal lønnstabell
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948
Arbeidsstad
Skulevegen 10
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4890275599
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Åmot skule, Vinje kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar.
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. |
Webside | https://www.vinje.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | VINJE (Adresse: Skulevegen 10 Postnr: 3890) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |