Lærar i teknologi- og industrifag – Sotra vidaregåande skule

Education Videregående skole

(3 days ago)

  • STRAUME
  •  Post Date: 30. June 2024
  •  Expire date: 16. July 2024
Job Description

Published 30-06-2024
Deadline: 16-07-2024

 

Lærar i teknologi- og industrifag

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter ein lærar på Teknologi og industrifag i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan programområdet Teknologi og industrifag, Vg1, Vg2.
  • Kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
  • Praktisk og teoretisk undervisning innan mekaniske fag.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utvikling i bransjen.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Teknologi og industrifag (Mekaniske fag).
  • Ønskjeleg med erfaring allsidig erfaring frå mekanisk industri.
  • Kunnskap om sveising.
  • Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

For undervisningsstillingar i yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Kontaktinformasjon

Natalia Garcia Benito Valkner, avdelingsleiar, 98806943
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Branndalsmyra 61
5353 STRAUME

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4834999970
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 16.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sotra vidaregåande skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted STRAUME (Adresse: Branndalsmyra 61 Postnr: 5353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 16-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/99eb4f8c-7627-4e9b-93c8-656536f56777
IMPORTAPI