Lærar i gunnskulen – Fiskå skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Education Primary School

(1 week ago)

  • FISKÅ
  •  Post Date: 11. November 2024
  •  Expire date: 3. December 2024
Job Description

Published 11-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Lærar i gunnskulen

Andre gongs utlysing,- inntil 150% lærar på Fiskå skule, Vanylven kommune.

Fiskå skule søkjer etter inntil 150% lærar i grunnskulen, vikariat skuleåret 24/25
Tilsetjing er snarast mogleg.
Ansvar: Faglærar i barneskulen.

Arbeidsoppgåver

Vi ønskjer tilsette med god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å skape eit profesjonsfellesskap. Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk, norsk og norsk som andrespråk.

Kvalifikasjonar (overskrift)

– allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
– ønskjeleg med minimum 30 studiepoeng i basisfag.
– ønskjeleg med erfaring frå læraryrket.
– god pedagogisk digital kompetanse.
– personlege eigenskapar vil blir vektlagt i intervju og ved referanse.
– Politiattest. 
– Førarkort og disponere eigen bil.
– Snakke og skrive flytande nors

– utviklings- og løysingsorientert
– ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
– god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
– omgjengeleg, initiativrik, fleksibel.
– flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
– god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
– delta i skulen sitt utviklingsarbeid
– bidreg til eit godt arbeidsmiljø
– fremje eit godt skule-heim samarbeid
– tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven
kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Sylvia Baade, rektor, +47 97030004

Arbeidsstad

Skulevegen 6
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4883821953
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fiskå skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted FISKÅ (Adresse: Skulevegen 6 Postnr: 6143)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/06630075-79ca-46a7-9800-e97b41556988
IMPORTAPI