Lærar i grunnskule – Valle skule, Valle kommune

Education Primary School

(4 days ago)

  • VALLE
  •  Post Date: 20. November 2024
  •  Expire date: 8. December 2024
Job Description

Published 20-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Lærar i grunnskule

Velkomen til Valle i Setesdal!

Er du ein lærar som trivst med utfordringar og fornying, og har du lyst til å jobbe med dyktige kollegaer i ein løysingsorientert kultur og eit trivelig arbeidsmiljø? Då er du velkomen til Valle skule i Setesdal!

Vi ser etter ein engasjert, energisk og kreativ medarbeidar som ønskjer å bidra til læring og utvikling for elevane på Valle skule. Valle skule er ein 1-10 skule med ansvar for vaksenopplæring i tillegg til grunnskule. Skulen har 104 elevar fordelt på ei klasse på kvart trinn. Skulen har god vaksentettleik, underviser som to-lærarsystem og har eige læringsverkstad for begynneropplæringa. Vi legg vekt på inkluderande praksis og har fokus på tverrfagleg samarbeid. Skulen har eige sykkelverkstad, bakstrerom, skulekjøkken, tresløydsal og er knyta tett på kommunen sin idrettshall/symjehall. 

For skuleåret 2024-2025 er utviklingsarbeidet på skulen retta mot spesialundervisning og inkluderande praksis med fokus på læringsmiljø og medverknad. 

Vi har behov for ein lærar i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning tilpassa elevens behov
  • Vurdere, analysere og følgje opp elevens læring og utvikling
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderende lærings- og skulemiljø for alle
  • Delta aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og skulens utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid for å bygge laget kring barnet
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjent undervisningskompetanse- lærarutdanning jmf opplæringslova kap 10 samt forskrift til opplæringslova kap 14.
  • Ønskjer særleg undervisningskompetanse i tysk og spesialpedagogikk
  • God digital kompetanse og god digital læringsleiing
  • Erfaring med undervisning i grunnskulen
  • God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlige eigenskapar

  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar 
  • Du er god til å bygge gode relasjonar og skape eit trygt og godt læringsmiljø
  • Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen som arbeidsplass for elevar og tilsette
  • Du er engasjert og ambisiøs
  • Du har god evne til å motivere elevane si læring gjennom medverknad og inkluderande undervisning.
  • Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
  • Du tåler endring i ein hektisk kvardag

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
  • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

 

Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

 

Kontaktinformasjon

Janne Nystøl, Rektor/einingsleiar, +4798066678, janne.nystol@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Harstadvegen 69
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 4887474590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Valle skule, Valle kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted VALLE (Adresse: Harstadvegen 69 Postnr: 4747)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e9cb938a-2952-45b6-ae33-a232d557fa7f
IMPORTAPI