Lærar – Elektro og datateknologi Vg1 og Vg2 El-energi og ekom – FLO – FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Education Primary School(1 week ago)
Job Description
Published 11-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Lærar – Elektro og datateknologi Vg1 og Vg2 El-energi og ekom
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.02.2025 har vi ledig stilling som faglærar i elektrofag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag på vg1 og vg2 etter kompetanse og behov.
Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.
Flora vgs har VG1 Elektro og datateknologi og VG2 El-energi og ekom.
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev og praksis innan faget.
Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid og arbeid med elektronisk
kommunikasjon.
Kompetanse innan IT og relevant programvare.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til lokalt næringsliv.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk
utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan
tilsetjast på vilkår. Ved manglande pedagogisk og/eller fagleg kompetanse vil det bli lagt til rette for etterutdanning
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med
ungdom og er ein god rollemodell for ungdom som ønskjer ei karriere fagområdet.
Du må framstå som ein vaksen, trygg og tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden.
Som lærar må du vere
besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed
kvaliteten på opplæringa.
Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid
med andre
Vilje og evne til utvikling.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kunne arbeide strukturert og systematisk og ha kjennskap og erfaring med tidsriktig planlegging av
arbeidsflyt i næringa.
God digital kompetanse også i digital teikning.
Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi, el-energi og ekorn og kjennskap til lokalt
næringsliv.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Søknadsfrist: 24.11.2024
For meir informasjon om stillinga kantakt avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy tlf 918 72 726 eller kst.rektor Lars Anders Nybu tlf 41 53 06 04
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)
Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 22
6900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4884454585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FLO – FLORA VGS, Vestland fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | www.flora.vgs.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | FLORØ (Adresse: Professor Gjeldsviksv 22 Postnr: 6900) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |