Job Description
Published 03-04-2025
Deadline: 21-04-2025
Lærar
Ved Brattvåg ungdomsskule blir det ledig 2 heile stillingar, vikariat, frå 01.08.25 til 31.07.26.
Det er knytt fagbehov til stillingane, og i den eine stillinga søkjer vi etter lærar med undervisningskompetanse i ungdomsskule i spansk, norsk, engelsk og kroppsøving. I den andre stillinga er fagbehovet matematikk, naturfag og kroppsøving.
I begge stillingar må ein vere budd på å ta kontaktlæraransvar.
Er du ein engasjert pedagog som kan bidra til å skape godt læringsmiljø? Liker du å arbeide i team? Er du god på å byggje relasjonar? Då ønskjer vi å kome i kontakt med deg!
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, ved Brattvåg stadion og Haram vidaregåande skule. Vi har om lag 150 elevar og 22 tilsette. Det er 2-3 parallellar på kvart trinn. Vi er ein dysleksivennleg skule, og arbeider aktivt etter MOT-programmet. Visjonen vår er: “Vi skal ville kvarandre vel, og gjere kvarandre gode.”
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert, omsorgsfull og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida!
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenester for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på ungdomstrinnet.
- Fagleg og sosial oppfølging av elevar.
- Tett og godt samarbeid med kollegaer.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse på ungdomstrinnet.
- Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet.
- Godkjend lærarutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell, og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen.
- Du er engasjert, sjølvstendig, strukturert og likar å arbeide i team.
- Du er ein god relasjonsbyggjar.
- Du er ein god klasseleiar.
- Du er fleksibel, omgjengeleg og har gode samarbeidsevne.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale.
- Ein svært variert kvardag.
Kontaktinformasjon
Merethe Holmeset, Assisterande rektor, 97602728, merethe.holmeset@haram.kommune.no
Endre Hellandsvik, Verksemdsleiar/Rektor, 91181966, endre.hellandsvik@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 50
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4945468066
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 21.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune orgnr: 975290182 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Dalevegen 50 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |