Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 22-11-2024

 

Lærar 100% vikariat Sunde skule – 2. gongs utlysing

Omtale av stillinga

 

Ved Sunde skule er det ledig kontaktlærarstilling frå 1.1.25. 

Stillinga er eit vikariat fram til 31.12.2025 grunna 
svangerskapspermisjon og du kjem til ein godt etablert klasse, der du 
vil få grundig opplæring i forkant for å sikre ei smidig overdraging og 
ein best mogleg oppstart.

Har du utdanning og undervisningskompetanse etter Opplæringslova vil du få tilbod om fast stilling i kommunen etter vikariatet.

Som tiltak for å auke delen faglærde lærarar i grunnskulen i Kvinnherad, kan nytilsette lærarar få eit ekstra rekrutteringstilskot.  Nye lærarar/undervisningspersonale med tilsettingskompetanse, tilsett i fast stilling i grunnskulen, får tildelt kr. 50 000,- , i 100% stilling (elles etter stillingsstorleik). Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år, der arbeidsavtale vil vere tydeleg på konsekvensar ved brot.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i ulike fag
  • Klasseleiing
  • Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
  • Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
  • Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

 

Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen

Vi treng ein lærar som er kvalifisert til å undervisa i matematikk og norsk.

Personlege eigenskaper

  • Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
  • Er lærevillig og utviklingsorientert.
  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
  • Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Sunde skule orgnr: 975281582
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted SUNDE I SUNNHORDLAND (Adresse: Hamrabrekko 12 Postnr: 5450)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/946755c8-c12e-4846-959c-759f799c05ef
IMPORTAPI