Lærar – 100% vikariat – Knarvik ungdomsskule – Alver kommune

Education Primary School

(2 weeks ago)

  • ISDALSTØ
  •  Post Date: 24. June 2024
  •  Expire date: 7. July 2024
Job Description

Published 24-06-2024
Deadline: 07-07-2024

 

Lærar – 100% vikariat – Knarvik ungdomsskule

Om stillinga

Knarvik ungdomsskule har ledig 100% vikariat som lærar i perioden 01.08.2024 – 31.07.2025. 
Deler av stillinga er undervisning i musikk, resterande del vert tilpassa din kompetanse og våre behov. 

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 60 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT-skule og har som overordna mål å skape ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre.

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få moglegheita til å utøve verdas beste og viktigaste jobb! 

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Kvalifikasjonskrav

Kompetanse

Godkjent utdanning samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing på 5-10. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.

Ønskt kompetanse
 Vi søkjer lærarar som:
– Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
– Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
– Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
– Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
– Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar
– Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
– Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte

Alver kommune har nynorsk som målform.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

Løn – og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Utfordrande og spennande stilling på ein skule med stort fokus på inkludering av både elevar og tilsette.
God støtte frå profesjonsfellesskapet ved skulen og høgt fokus på utvikling av ny kunnskap i organisasjonen. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/35c8b2e5-cf8f-418d-98d0-0cd0f269d2cd
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265079