Kyrkjetenar/Kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling – Vågå Sokn
Natur og miljø Skogbruk, gartnerarbeid og hagebruk(3 weeks ago)
Job Description
Published 31-10-2024
Deadline: 30-11-2024
Kyrkjetenar/Kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling
Vågå kyrkjelege råd har ledig stilling som KYRKJETENAR/ KYRKJEGARDSARBEIDAR i Vågå sokn.
Du vil ha ei viktig rolle i staben vår, med ei anslått fordeling på 30% kyrkje og 70% kyrkjegard, avhengig av behov og årstider.
Du må like å møte folk i ulike livssituasjonar og samanhengar, og ha evne til å hjelpe og veilede dei besøkjande. Dei som kjem til kyrkja eller kyrkjegarden vår skal oppleve at dei er velkomne, at ein møter dei som kjem med forståelse for det dei står i, anten dei kjem i sorg, undring eller glede.
Du skal ivareta ansvaret for kyrkjerom, inventar og utstyr, samt sørge for at leigetakarar for arrangement overheld retningsliner for bruk av kyrkja. God orden i kyrkja og på kyrkjegarden er viktig.
Arbeidsoppgåver
-
Sørge for at kyrkja og kyrkjegarden til ei kvar tid er presentabel.
-
Hovudansvar for praktisk tilrettelegging i forbindelse med kyrkjelege handlingar og anna aktivitet i kyrkja og på kyrkjegarden.
-
Rapportering.
-
Ansvar for at brann- og HMS-rutinar blir fulgt. Gjennomføre fastlagte tilsyn og internkontrollar.
-
Vera del av staben i kyrkja, ved blant anna å delta i møter..
Kvalifikasjonar/krav
-
Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld og helg – tre sundagar i månaden, enkelte laurdagar i løpet av eit år (bryllup og laurdagsdåp) og ved konsertar (kveld/ helg). Arbeid på sundagar og helligdagar blir kompensert med fridag på vekedagar.
-
Viktig med gode samarbeidsevner, forståelse for kyrkjas verdiar, vera fleksibel, og ha evne til å kunna jobbe både sjølvstendig og i team.
-
Erfaring med, interesse for praktisk arbeid, enkle vedlikehalds- og reparasjonsarbeid.
-
Førarkort klasse BE.
-
Erfaring med minigraver og traktor, samt maskinførarbevis er ein fordel.
-
Relevant arbeidserfaring og personleg egnaheit vil bli tillagt stor vekt.
-
Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Om stillinga elles:
-
Ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette.
-
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i Hovedorganisasjonen KA.
-
Pensjonsordning i KLP med 2 % pensjonstrekk.
Før tilsetting skal det leggast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja.
Tiltredelse: Snarast mogleg eller etter avtale.
Nærare opplysningar kan rettast til leiar i Vågå kyrkjelege råd/Vågå sokneråd, Erik Lillebråten, på mobil 909 71 257.
Søknad med attester og vitnemål skal sendast til: Vågå kyrkjelege råd, postboks 78, 2684 VÅGÅ – E-post: post@vaga.kyrkja.no
Søknadsfrist: 30. november 2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vågå Sokn orgnr: 977005485 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vågå kommune har vel 3600 innbyggarar der 88 % er medlemmar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar birpedømme. Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioden 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd omkring 1625–1627. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken. Dagens kyrkje vart gjenoppbygd av materialar frå fleire nedrevne stavkyrkjer frå Vågå. Vågåkyrkja har plass til 250 personar. |
Webside | https://www.vagakyrkja.com |
Bransje | Natur og miljø |
Yrke | Skogbruk, gartnerarbeid og hagebruk |
Sted | VÅGÅ (Adresse: Vågåvegen 44 Postnr: 2680) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 30-11-2024 |