Kyrkjemusikar / Organist – Austrheim Sokn
Kultur og kreative yrker Musikk/lyd, foto og video(6 hours ago)
Job Description
Published 10-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Kyrkjemusikar / Organist
Sokna på Austrheim og Fedje søkjer kyrkjemusikar/organist til gudstenester og kyrkjelege handlingar i Austrheim og Fedje kyrkjer.
Hva vi ser etter
Vi ønskjer oss ein allsidig musikar som
-
skal ha det overordna kyrkjemusikalske ansvaret i sokna i samband med gudstenester, vigsel, gravferd, sjukeheimsandakter, salmekveldar og andre kyrkjelege aktivitetar
-
har eit ønskje om å utvikle musikalsk arbeid og styrke songgleda i kyrkjelyden, saman med frivillige og staben.
-
tek ansvar for det lydtekniske utstyret i kyrkjene
-
er engasjert med i stabs- og planleggingsmøte for kyrkjeleg aktivitet
-
tek del i trusopplæringsaktivitetar.
-
samarbeider aktivt med det rike kulturlivet i bygdene
Av eigenskapar vil vi vektleggje
-
at du evnar å involvere, inspirere og skape musikkglede.
-
at du har god samarbeidsevne og leiareigenskapar.
-
at du er positiv og kontaktskapande.
-
at du er løysningsorientert og fleksibel.
Arbeidsoppgaver
Kyrkjelydane ynskjer ein kyrkjemusikar/organist som kan bidra både på orgel og på piano. Austrheim kyrkje har i mange år hatt forsongargruppe som vi ynskjer å satse vidare på. Dette vil vere viktig i stillinga. Vi ser etter nokon som kan samarbeide med korps og kor til forskjellige arrangement både i og utanfor kyrkja. Vi ser etter deg som har høgare utdanning i musikk, dugleik på orgel og piano.
Vi tilbyr
-
Du får løn og godtgjering i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i KA og pensjon- og forsikringsordning gjennom KLP.
-
Du må pårekna arbeid ettermiddag, kveld, helg eller på høgtidsdagar.
-
Du har ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine orgel og piano
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju og prøvespeling.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, jfr Kirkeloven §29.
Du må være medlem i Den norske kyrkja.
Du må ha førarkort og disponere eigen bil.
Oppstart i stillinga 1.april eller etter avtale.
Austrheim sokn er arbeidsgjevar.
Søknadsfrist: 26.januar 2025.
Send søknad til post.austrheim@kyrkja.no
DIVERSE INFO