Job Description

Published 13-11-2024
Deadline: 12-12-2024

 

KYRKJELYDSPEDAGOG – Hareid kyrkjekontor – inntil 80 % stilling

Vi ynskjer styrkje arbeidet blant barn og unge og søkjer etter ein person som får ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, ungdomsarbeid og Ten-Sing. Stillinga vert i samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog. Trusopplæringa er godt utbygd, vi fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.

Hva vi ser etter

KVALIFIKASJONAR:

-Utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning.

-Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med born, ungdom og konfirmantar i kyrkjelyd.

-Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

-Den som vert tilsett er underlagt teieplikt.

-Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar.

-Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

-Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom.

-Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig.

-Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.

-Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande.

-Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Arbeidsoppgaver

Administrere og utføre undervisninga i aldersgruppa 11-18 år, i samråd med andre tilsette.

Samarbeid med skulane om undervisning av Tidslinja.

Ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUM/K.

Administrative oppgåver som ligg til arbeidet.

Ein må rekne med kvelds-, helge- og høgtidsarbeid.

Vi tilbyr

Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø.

Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige.

Gode utarbeidde og utprøvde planar for trusopplæringa.

Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler.

Løn etter gjeldande tariff.

Pensjonsordning i KLP.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hareid Sokn orgnr: 977013828
Kort om arbeidsgiver

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet – med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer både på kyrkjelydshuset og i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Webside https://www.kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted HAREID (Adresse: Bedehusgata 17, 6060 Hareid Postnr: 6060)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 12-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e6782f2b-d80d-4be7-85bf-abc3e6c577ec
Stillingsregistrering