Job Description

Published 29-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Kvalitetsrådgiver

Vil du vere med på laget som vår nye kvalitetsrådgjevar?


Avdeling for kjøkken og internservice søkjer ein kvalitetsrådgjevar i fast 100 % stilling. Her vil du få ein spennande, sentral rolle i å sikre høg kvalitet på mat og service ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. Vår avdeling står for matproduksjon, servering og service ved sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde, Kristiansund og Hjelset, med 155 årsverk fordelt på kjøkken og servicefunksjonar, der rundt 90 årsverk er knytt til drift av kjøkken og kantiner. 

Som kvalitetsrådgjevar vil du vere ein del av leiargruppa og rapportere til avdelingssjef. Du får ansvar for å følgje opp internkontroll, mattryggleik og HMS, og du vil vere ein pådrivar for å implementere og vidareutvikle kvalitetssystema våre. Dette er produksjonskjøkken, lokale seksjonskjøkken, mottakskjøkken, postkjøkken og kantiner. Produksjonsmetodane er ulike etter lokasjon med  kok/kjøl og kok/server. Avdelinga har hovudansvaret for å etterleve Matlova som regulerer matproduksjon, frambod og servering. Vi er ein stor aktør i matvareomsetting, produksjon og service og leverer alle måltid til pasientar, kantiner og catering/møtemat til tilsette.

Stillinga inneber varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med mykje digital arbeidsflyt og moglegheit til å besøke dei ulike kjøkkenlokasjonane etter behov. 70 årsverk er tilknytta drift av servicetorg, arkiv, scanning, sentralbord og reinhald. Det er 6 månader prøvetid og 37,5 timar arbeidstid pr veke.

 

Velkommen til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere IK-mat og HMS-funksjonar
  • Ansvar for planlegging, vedlikehald og utrulling av matprogrammet og automatiseringsverktøyet Nutshell 365
  • Vere pådrivar og støtte for leiarane i implementeringsarbeid og vedlikehald av avdelinga sine prosedyrer i Helse Møre og Romsdal sitt kvalitetssystem (EQS)
  • Medverke til forbetringsarbeid, nytenkling og innovasjon i tenestene
  • Delta aktivt i arbeidet med kompetanseutvikling for den enkelte tilsette og strategisk kompetanseutvikling
  • Planlegging og oppfølgjing i samband med eksterne tilsyn og eksterne/interne revisjonar
  • Kommunikasjon og opplæring for tilsette i klinikkar og sengepostar for at kjøkken kan leve opp til forventningar om å levere mat til rett tid for pasientane
  • Ansvar for vedlikehald av stoffkartotek (EcoOnline) i klinikken
  • Kunna halde i prosjekt og utvikle nye tjenester i avdelinga
  • Bistå og samarbeide med kvalitetsrådgjevar på klinikknivå

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med utdanning på høgskulevivå/bachelorgrad innan ernæring, helseleiing, facility management eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Kompetanse og kunnskap innan kvalitetssikring av mat og forbetringsarbeid
  • God digital kompetanse og systemforståing
  • Kunnskap og erfaring med viktige arbeidsverktøy som Nutshell, IKT Esmiley, EcoOnline
  • Personlige egenskaper vil bli særskilt vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er strukturert og motiverande som støtteperson for leiargruppa i avdelinga
  • Er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt
  • Har god gjennomføringsevne
  • Har økonomisk innsikt og ordenssans
  • Har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Må disponere bil sidan arbeidet krev reiseverksemd mellom lokasjonane

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Jørn-Kåre Aase, Avdelingssjef, jorn.aase@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4868745191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for kjøkken og internservice, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0c4b15c0-cd34-4960-9899-c854dac328d0
IMPORTAPI