Kunstnarisk leiar – rytmisk a cappella – KURVE

Kultur og kreative yrker Musikk/lyd, foto og video

(4 days ago)

  •  Post Date: 4. April 2025
  •  Expire date: 20. April 2025
Job Description

Published 04-04-2025
Deadline: 20-04-2025

Kunstnarisk leiar – rytmisk a cappella

Vokalgruppa Kurve søkjer ny, kunstnarisk leiar frå august 2025.

Vi er ei ambisiøs vokalgruppe som ynskjer å halde høgast mogleg musikalsk nivå innan rytmisk a cappella. Repertoaret vårt har ein stil inspirert av grupper som Pentatonix, Perpetuum Jazzile, Pust og The Real Group.

Gjennom godt besøkte konsertar, har vi bygd ei solid økonomisk plattform som gir oss høve til å satse på kompetanseutvikling og skreddarsydde arrangement av låtar. Typiske arrangement for Kurve er for SSAATBB med beatbox og solist(ar), ofte med éin person på djupaste basstemme. Dei siste åra har vi vore 16 songarar, alle med eigne trådlause mikrofonar.

Vi har også ynskje om å vidareutvikle det sceniske uttrykket vårt, noko som allereie er eit kjennemerke for gruppa. Sjå til dømes eit utdrag frå den siste showkonserten vår her: Livsbilde

Eit kor som søkjer utvikling

Han som har vore dirigenten vår sidan oppstarten i 2007, skal vidare til nye oppgåver. Vi ser no etter ein kunstnarisk leiar som kan lose oss inn i neste fase.

Alle songarane er tekne opp i koret gjennom audition og vi ynskjer kontinuerleg å vidareutvikle det musikalske nivået vårt. Kvart år gjennomfører vi seminar for å auke kompetansen, med både eksterne og interne ressursar. I mars i år var vi til dømes i Stockholm og hadde våre eigne workshops med Anders Edenroth, Katarina Henryson og Johannes Rückert Becker frå The Real Group.

Det er mykje kompetanse blant songarane som kan vera ein ressurs både i det musikalske og det sceniske arbeidet. For at både det sceniske og det musikalske skal bli så bra som mogleg, blir det lagt vekt på at gruppa også fungerer godt sosialt.

Kva vi ser etter

Vi søkjer ein kunstnarisk leiar som har:

  • Solid kompetanse innan song og rytmisk a cappella.

  • Evne til å byggje relasjonar og skape eit godt sosialt miljø.

  • Inspirerande leiarstil som fremjar songglede, kreativitet og bevisst scenisk uttrykk.

  • Erfaring med å jobbe i team og evna til å utnytte songarar si individuelle kompetanse.

Arbeidet utgjer ca. 20% stilling, men med den rette personen kan vi vera villige til å drøfte ulike former for drift.

Ynskjer du ei nøytral vurdering av kapasitetane i koret og korleis vi er å jobba med, kan du ta kontakt med Andres Edenroth (The Real Group) på +46 70-598 76 00.

Er du den vi leitar etter? Vi gler oss til å høyre frå deg!

Send søknad til: annekhav@gmail.com (styreleder), tlf. 920 94 797 eller olav.tronrud@asko.com , tlf. 916 65 209

SØKNADSFRIST: 20. april 2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KURVE orgnr: 995714868
Kort om arbeidsgiver

Vi er ei ambisiøs vokalgruppe som ynskjer å halde høgast mogleg musikalsk nivå innan rytmisk a cappella. Repertoaret vårt har ein stil inspirert av grupper som Pentatonix, Perpetuum Jazzile, Pust og The Real Group.

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Musikk/lyd, foto og video
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 20-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eca67c9d-d35e-4b92-a4db-453d5ef6df7f
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31