Job Description

Published 27-06-2024
Deadline: 25-07-2024

 

Kulturskulelærar messing –  36% fast stilling

Stranda kulturskule søkjer etter ein engasjert og dyktig messinglærar til 36% fast stilling få 01.08.2024. 

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning til elevar i alle aldrar og nivå, både individuelt og i grupper
  • Dirigering av Stranda skulekorps/aspirantkorps
  • Tilrettelegging for eit inspirerande og inkluderande læringsmiljø
  • Utvikling og planlegging av undervisninga
  • Samarbeid med andre lærarar i kulturskulen
  • Bidra til arrangement og konsertar

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
    • Erfaring frå undervisning i kulturskule eller liknande arbeid
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og muntleg
    • Evne til å motivere og inspirere elevar
    • Gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
    • Stor fridom og stort ansvar. Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling, åleine og i samarbeid med kollegaer.
    • Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
    • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt

    Offentleg tenestpensjon

    Kontaktinformasjon

    Evgenii Zhukov, Konst. fagleiar kultur

    Arbeidsstad

    Øyna 1
    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 4832628759
    Stillingsprosent: 36%
    Fast
    Søknadsfrist: 25.07.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Kultur og fritid, Stranda kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Webside https://www.stranda.kommune.no
    Bransje Utdanning
    Yrke Grunnskole
    Sted STRANDA (Adresse: Øyna 1 Postnr: 6200)
    Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
    Sektor
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 25-07-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6b06eab3-e585-4772-827f-18cb9ae9679c
    IMPORTAPI