Job Description

Published 15-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Kulturskulelærar – Inntil 40% fast stilling (cirka 20% fast på dans)

KULTURSKULELÆRARSTILLING

Tokke kommune har ledig fast kulturskulestilling i inntil 40% frå 01.01.25.

Vi har behov for kompetanse på dans, cirka 20%, og er også interessera i andre fagbakgrunnar vi ikkje har, t.d. teater, anten hjå same person, eller oppdelt i fleire stillingar.

I stillinga ligg ansvar for undervisning i dans, eventuelt andre disiplinar og/eller fag søkjer beherskar, samarbeid om ulike produksjonar, utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar. Kulturskulen arbeidar for tida med meir tverrfagleg samarbeid og nyskaping både på elev- og lærarnivå. Kulturskulen ligg i norgestoppen på deltakingsprosent, og har i dag eit bredt tilbod innanfor musikkfag, dans og visuelle kunstuttrykk.

Kvalifikasjonar:

· Ynskje om kunstfagleg utdanning på bachelornivå.

· Ynskje om pedagogisk utdanning

· Må ha førarkort og disponere eigen bil

· Andre kan òg søkje

Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

  • Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Siri Møller-Holst på

e-post:siri.moller-holst@tokke.kommune.no eller mob. 410 74 262

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 30. oktober 2024

Velkomen som søkjar!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b5e01c32-1d95-4c79-a646-1f4abbf3307d
Stillingsregistrering