Kulturskulelærar – Avdeling kultur, Fyresdal kommune

(2 weeks ago)

  • FYRESDAL
  •  Post Date: 18. March 2025
  •  Expire date: 11. April 2025
Job Description

Published 18-03-2025
Deadline: 11-04-2025

Kulturskulelærar

Fyresdal kulturskule er ein del av kulturavdelinga i Fyresdal kommune, som ligg i sektor for kultur og oppvekst. Kulturskulen gjennomfører si undervisning på Gimle skule, i lyse, trivelege og godt utstyrte lokale.

Fyresdal kulturskule har ledige stillingar innan:

  • Piano og vokalundervisning – 20 %
  • Korpset; Junior, aspirant og korps i skulen – 15 %
  • Assistent dans og turn på timebasis

Arbeidsoppgåver

Piano og vokal:

  • Planlegge og gjennomføre pianoundervisning til barn og unge
  • Tilrettelegge undervisninga etter elevanes nivå og behov
  • Førebu elevar til konsertar og framføringar
  • Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø

Korps; Junior, aspirant og korps i skulen:

  • Grunnleggande undervisning i korpsinstrument
  • Notelære
  • Motivere og inspirere unge til korpsdeltaking
  • Kontaktperson for dei unge ved arrangement og turar i korpset

Assistent til instruktør i dans og turn:

  • Assistent for instruktør i dans og turn
  • Rigge opp og rigge ned         

Kvalifikasjonar

Piano og vokal:

  • Utdanning innan musikk, musikkpedagogikk er ysnkjeleg
  • Erfaring med undervisning i piano
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å inspirere og motiver elevar
  • Sjølvstendig og strukturert

Korps; Junior, aspirant og korps i skulen:

  • Ynskjeleg med relevant utdanning
  • Søkarar med relevant erfaring kan og bli vurdert

Assistent dans og turn:

  • Erfaring frå dans og turn ein fordel
  • Erfaring med arbeid med barn og unge

Personlege eigenskapar

For undervisningsstillingane er det ynskjeleg med fylgjande eigenskapar:

  • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig ville bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Gode digitale ferdigheiter

 For alle stillingane vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar i stor grad.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Moglegheit for å få vere med å forme undervisningtilboda
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

Hilde Martini Momrak, Avdelingsleiar kultur, +47 95 27 09 05, hilde.momrak@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4940346301
Stillingsprosent: 20, 15, 0%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling kultur, Fyresdal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted FYRESDAL (Adresse: Fyresdalsvegen 2237 Postnr: 3870)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 11-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/88186dc9-8763-412a-9bec-f7bf2c61028d
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31