Kulturskolelærar – 60 % fast stilling – Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 weeks ago)
Job Description
Published 03-04-2025
Deadline: 25-04-2025
Kulturskolelærar – 60 % fast stilling
Ålesund kulturskole har ledig ei fast 60 % stilling som kulturskolelærar frå 1. august 2025. Undervisningsoppgåvene vil i all hovudsak vere lokalisert til Harøya og nordøyane (Haram) med m.a. undervisning på piano.
Arbeidsoppgåver
- Vi søker etter ein musikklærar som kan ivareta den pianoundervisninga kulturskolen allereie har “på øyane”, men som fortrinnsvis også kan undervise i eit eller fleire andre instrument. Det er eit sterkt ønske om t.d. band- og songundervisning. Det vil vere undervisning både individuelt og i gruppe. Det kan også vere aktuelt med akkompagnementsoppgåver og undervisning i skole.
- Delar av undervisninga er desentralisert, slik at den tilsette må ha førarkort (klasse B).
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse, med tilstrekkeleg kompetanse til å undervise bl.a. i piano.
- Det er primært ønskeleg med utdanning/erfaring innafor rytmisk musikk/jazz, men andre sjangarar vil også kunne bli vurdert. Også erfaring frå undervisning i kulturskole/skole vil bli vektlagt.
- Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11.
- Undervisninga skjer på norsk.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole. Vi søker ein lærar som kan bygge miljø og utvikle kulturskolen i lag med kollegaene sine, og som kan bidra til å utvide breidda og styrke tilbodet vårt på nordøyane.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape engasjement om (nye) aktiviteter er avgjerande viktig.
- Samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open – engasjert – modig, er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget og eigen arbeidskvardag.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
- Undervisningsstillingar i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Gro Dalen, Verksemdsleiar, +47 70 16 34 82, gro.dalen@alesund.kommune.no
Miki Campins, Avdelingsleiar, +47 975 60 984, miguel.angel.camacho.campins@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Larsgårdsvegen 6
6009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Referansenr.: 4927817620
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Larsgårdsvegen 6 Postnr: 6009) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 25-04-2025 |