Kulturkonsulent – Giske kommune
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(15 hours ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 05-12-2024
Kulturkonsulent
Giske kommune søkjer kulturkonsulent i 50 % stilling frå 01.01.2025. Den som blir tilsett vil ha ansvar for kulturområdet og tilhøyrande sakshandsaming.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Arbeidsoppgåver
- UKM og annan relevant kulturaktivitet
- Friskus aktivitetskalender
- Den kulturelle skulesekken (DKS)
- Tilskotsordning kulturmidlar
- Kontakt- og samordningsansvar med frivillige kulturorganisasjonar
- Andre oppgåver innan kulturområdet
Kvalifikasjonar
- Minimum vidaregåande skule, relevant praksis og kjennskap til kulturområdet
- Fordel med god kompetanse på IT og digitale system
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til god dialog og samspel, og å vekke engasjement
- Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Løn på kommunale vilkår
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hilde Kristin Røsvik, stabsleiar eining Kultur, service og næring, +47 95053503
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4885881656
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Giske kommune orgnr: 983836836 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
|
Webside | http://www.giske.kommune.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-12-2024 |